Verda og vi

27/09: Verda og vi: Leo Ajkic. kl 20:00

«En personlig reise med et skråblikk på integrering». Nytt foredrag i serien verda og vi.

Leo Ajkic har sidan 2007 vore ein nyskapande, uredd og engasjert person i media. Han har eit brennande samfunnsengasjement, og med ei utradisjonell tilnærming til store og små spørsmål, har han utfordra og flytt grenser.
Sidan 2010 har Ajkic leia og medverka i ei rekkje radio- og TV-produksjonar. Han er ærleg og direkte, har ei eiga evne til å formidle humor og varme, og har begeistra sjåarar gjennom program som U-landslaget, Typen til, Da KORK kom til bygda, Leo’s reise m.fl.

 

25.10.18.Verda og Vi: Henrik Syse

Etiske verdier i en verden i rask forandring.
Henrik Syse er utdanna filosof. Han er seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (PRIO) og professor ved Bjørknes Høyskole. Fagleg har Syse arbeidd med politisk filosofi, rettsfilosofi og moralfilosofi, og han har gitt ut ei rad bøker både om desse og andre tema. I 2015 vart han vald som medlem av Nobelkomiteen. Han var medlem av Verdikommisjonens sekretariat 1998 – 2001 og medlem av Pressens faglige utval (PFU) som representant for allmennheita 2002 – 2016. Syse er og aktiv i kyrkjeleg samanheng som søndagsskulelærar, andaktshaldar og skribent. Han arbeider for tida deltid som foredrags – og kurshaldar, er aktiv i samfunnsdebatten og er ein mykje nytta foredragshaldar.

 

29/11: Verda og vi: Harald Nygård og Anders Giæver. Kl 20:00

Med utgangspunkt i rettsteikningane vil Anders Giæver samtale med Harald Nygård om tida hans som teiknar i VG. Nygård har portrettert landets farlegaste kriminelle, formidla stemninga i retten og teikna scener frå grufulle brotsverk. Samtalen vil gje lyttarane eit innblikk i nyare norsk kriminalhistorie.

Publikum får møte menneske som har blir utsette for store påkjenningar; tiltalte, offer, vitne, juristar og pårørande  - og gje innsyn i kva som føregår i ein rettssal, sett frå første benk.

Harald Nygård

Harald Nygård er utdanna litograf og studerte ved Kunsthåndverksskolen i Bergen. Frå 1979 til han gjekk av med pensjon i 2006 arbeidde han som teiknar i VG. Han var ein av dei første rettsteiknarane i landet og spesialiserte seg etter kvart på denne type teikningar. Han har dekka dei mest omtalte kriminalsakene i Noreg og fleire av våre naboland, til dømes Treholt-saka, Palme-saka, Orderud-saka og 22.juli-saka.

Anders Giæver

Anders Giæver har jobba i VG sidan 2000, etter fleire år i aviser som Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen.  Frå 2004 til 2008 var han leiar for kommentaravdelinga, og frå  2008 til 2011 var han VG sin USA-korrespondent. Han har dekt ei rekke større rettssaker som kommentator for avisa, mellom anna Orderud og 22. juli saka.

 

Kombiner din konferanse på Gloppen Hotell med eit fagleg gløtt til verda og storpolitikken

Pris per person kr 1975,- inkludert:

2-retters lunsj
Møterom heile dagen med kaffi og te-pausar, frukt
2-retters middag av lokale smakar
Foredrag i Trivelshagen kl 20:00
Ostefat, dessert og kaffi i salongane
Overnatting i enkeltrom
Vår heimelaga frukost