Jubileumsåret 1866-2016

2016 var eit stort jubileumsår for Gloppen Hotell, med 150 års samanhengande hotelldrift.

Det var lakselordane frå England som la grunnlaget for drifta i forrige århundre, og framleis er den vakre Gloppenelva ansett som ei av landets aller beste for lakse- og ørretfiske.

Mykje har skjedd på denne staden, heilt tilbake til 1853, når familien Siversten for første gang starta med servering og losji på denne staden. I 1866 fekk Joakim E. Sivertsen hotellbevilling og fem generasjonar Siversten dreiv hotellet fram til 1988, då hotellet var selt ut av familien. Sidan 1994 har familien Moen dreve hotellet og ført det til nye høgder med stor utvikling av mat, konferanse og selskap.

I dag satsar vi for fullt på lokalmat med eige produksjonskjøkken og bryggeri. I tillegg er aktivitetar ein meir og meir sentral del av vår drift. Det har vore ei spennande reise, og vi vil feire i jubileumsåret med både tilbakeblikk og lansering av nye tilbod for framtida.