Nyttårstankar frå husfaren

desemberhimmelGloppen Hotell med Preben og Dag Håkon Moen som vertskap, takkar alle våre gode kundar for besøket i 2015. Vi er så ufatteleg glade for at også 2015 er eit toppår for hotellet på Sandane.

Vertskapet er totalt 45 år til saman, det er omtrent det ein vanleg hotelldirektør er. Det kan sjåast på som ein svakheit når ein skal i forhandlingar, men vi har faktisk fått gjort veldig mykje bra for hotellet i 2015. Både når det gjeld resultat, omsetning og spennande planar vidare.
Gloppen Hotell ønsker å bli det første hotellet i verda med Smart Connect sine løysinger på alle rom. I dag har dei fleste mange duppedingser som skal ladast; mobil, data, padder, kamera og kanskje til og med tannkosten. Derfor ønsker vi å gjere dette lett for folk når dei kjem som gjest til oss på hotellet.

Opppussing
Oppussing Stovene
Vi har også før juleroen satte grep, starta den kanskje største planen for oppussing av hotellet. Vi har allerede pussa opp kjellaren i 2014 for 1 million kroner. I 2015 har vi starta med Restaurant Stovene, Peisestova, baren og Laksestova. Vi har også nyleg starta på gangane til romma i 70-talls fløyen, og ikkje nok med det, vi har reve heile 9 bad i same fløy. Vi er så uendeleg takknemleg for alle ansatte, styret og kundar som gjer dette mulig for oss!

Hotellet skal vidareutvikle seg, kanskje skal hotellet ta posisjon som omfattar det grøne skiftet, den nye tida vi er inne i, ta det ekstremt viktige miljøgrepet, ta vare på samfunnet og være tidlig ute for også å tenke på neste generasjon. Eg tenker på meg sjølv som blei kasta i ilden, med ein far som blei reven vekk, den høgt elska mannen til mor mi, den kjære pappaen som var så umåteleg stolt over sine to sønner som hadde valgt å videreføre hans livsverk. Eg kan ikkje anna enn å takke han for alt han rakk og gjere før eg og lillebror skulle få ansvaret så altfor tidleg.Dag

Når eg no sitt og skriv dette innlegget som mitt første på denne bloggen, så blir eg veldig rørt. I dag har dagen vore prega av møte og reising. Eg sitt på Florø Lufthamn og nyte ei velfortent øl frå Kinn, før eg i morgon skal i to viktige møte. Det eine med eit firma som skal gå igjennom løysingar for møblar og andre ting for våre 10 nye rom. Men det er berre ein pitteliten del av det vi har på gang, vi skal også utvikle alle våre flottaste rom i den eldre delen av hotellet. Nettopp «Den hvite dame» som min far såg potensiale i som ingen andre gjorde i 1994. Første rommet skal oppkallast etter min far. «Dag sitt rom». Det andre rommet skal oppkallast etter «Ola Almenning», det blir Ola sitt rom. Tenk dokke det! Vi skal personalisere alle våre flotte rom til folk som har betydd noko for oss, det gleder vi oss til. Kvifor? Jo, alle kan ha eit grønt rom, «det raude rommet» osv. Ingen kan ha Dag sitt, for Dag var hotellet sin, på alle mulige måtar. Han pleia hotellet meir enn noko anna.
Det blir nok heilt sikkert ein del fiskarar som skal få eit rom også, dei har jo sine eigne rom allereie.

Verden i forandring

Den 14.12.2015 valgte Gloppen Hotell å gå imot strømmen og legge seg ut på Airbnb. Det er veldig mange som kritiserar slik kanaler, Uber taxi o.l. Men det er ein del av vår framtid og ein del av vår digitale verden. Airbnb veks fortare enn nokon andre tradisjonelle søkemotorar for hotellrom eller overnatting, derfor må vi være med i tida, ikkje være negative og prøve å stoppe den, det er nok altfor seint.
Det eineste som er litt kjipt, er at Petter Stordalen var før meg og lillebror.

Lokale entreprenører

I mange sammenhengar skal ein kjøre prosessar for å finne den billigaste eller den som er best for kvar krone, i anbud og andre form for tilbud. Vi har til dels gjort det, men vi fant ut at det viktigaste for oss, er at vi har ein lokal person, som har lokale ansatte, med eit lokalt engasjement. Dei som tok telefonen etter klokka 16.00 og snakka med meg om løysingar heller enn utfordringar. Dei orka vi ikkje å bruke tid på, derfor enda vi opp med å bruke ein lokal entreprenør som heiter KA Bygg. Ein kjempegjeng med unge heltar som jobbar steinhardt for at vi som hotell, skal få det best mulig. Og har virkelig satt pris på oss. Det er så kjekt å jobbe med lokale gründarar med pågangsmot. Det er nettopp det vi treng.

Året som snart er over

2015 blir målt som det beste året for Gloppen Hotell, og vi begynner endeleg å hauste frukter frå det nye bygget. Begrepet TTT, Ting Tar Tid, er eg ikkje veldig flink å forholde meg til, men det er ein viktig ting å huske på. Eg er jo «bare» utdanna kokk, og har lite erfaring når det kjem til finans og økonomi, men min far lærte meg det som måtte til for å drive hotell. Men i år måtte eg sette meg inn i noko heilt nytt: Refinansiering. Eg hatt ønske om ein lokal bank, men også bedre vilkår. Vi har derfor i oktober gjort enda eit stort skritt og bytta bank til Sparebanken Sogn og Fjordane. Det kjem til å lønne seg.julebord

I tillegg til slike detaljar har vi hatt tusenvis av fleire besøkande i løpet av året, både nære og fjerne gjester. Vi har aldri hatt så mykje besøk! I periodar har dette dessverre prega oss, men i dei aller fleste tilfelle har vi saman klart å holde våre verdiar og standarder oppe. Vi har over 45 ansatte igjennom sommaren og totalt heile året over 24 årsverk. Dei er den største verdien hotellet har, dei er heile hotellet, og som vertskap er eg uffatteleg glad for å ha med meg desse inn i 2016 også. Det er den største gleda med å drive næring.

Gloppen Aktiv

Snart er det også klart for å ansatte dagleg leiar om vi blir enige om at dette er rett. Saman med fleire i næringslivet i Gloppen, har vi starta prosessen med å finne gull i gråsteinar rundt om i kommunen, gjere rennande vatn om til aktivitetar, finne fram alt som kan gjere Gloppen aktivt. Målet er at alle som kjem reisende til oss, kan være aktive enten på eiga hand, saman med ein guide eller som ei gruppe. Dette arbeidet er kjempespennande og veldig kjekt å få være ein del av. Jobben gjerast saman med G-sport Sandane og Nordfjord Folkehøgskule.

Heile hotellet fra filmenGloppen Hotell 150 år

Det kjekkaste og beste med 2016, er at Gloppen Hotell fortsatt lever trygt, med gode økonomiske utsikte, og masse historie. Det har i 2016 vore kontinuerleg drift av hotellet i 150 år. Det er kjekt, og ikke minst ei stor ære å få videreføre denne drifta. Sjølv om vi er «gamle», er vi oppdaterte på dagens måte å drive hotell på. Vi ønsker å bli enda bedre på å drive nettopp Gloppen Hotell. Vi skal ikkje la andre ting komme i vegen for oss, eg og lillebror skal vidareføre Gloppen Hotell på best mulig måte, vi skal bruke våre leveår på å sikre oss at neste generasjon er like innstilt og like motiverte som oss. Når den tid kjem. 🙂

Her på hotellet har vi hatt ei stor julefeiring med over 20 personar frå familie og venner samla. Det gjorde så godt, og no er eg klar for det nye året.

Eg håpar alle våre kundar og ansatte har hatt ei flott jul og ser fram til eit fantastisk 2016. Sjølv om verda der ute er prega av uro, ta rundt dei dokke er glad i, vis omsorg og pass på kvarandre.
Godt nyttår alle!

Preben

Preben Moen, husfar på Gloppen Hotell

4 thoughts on “Nyttårstankar frå husfaren

  1. Kristine Ravnevand

    Hej alle på Gloppen Hotell.
    Det er virkelig imponerende hvad du er og dit team har fået til. Den oplevelse både med mad og stemningen/servicen hos de ansatte hører til blant de sjældne.
    Dere er ÆGTE!
    Jeg er glad for jeg har oplevet Gloppen Hotell, vil anbefale jer videre, og håber at jeg kommer tilbage engang og kan vise min familie jeres fantastiske sted.

    Reply

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *