Kalender

_______________________________________________________________________________________________

4.oktober – Morten Abel i Trivselshagen

Kl 19:30.
Med splitter nye låtar og ei rekke udødelege hits legg Morten Abel ut på vegen igjen i 2018

Det blir musikalsk fest når Abel tek med seg bandet og sitt fantastiske låtunivers på vegen. Med seg i bagasjen har han også splitter nye låtar frå det nyaste albumet, ”Evig din”, som kom ut tidlegare i år. Kva betre måte finnast det å feire opptakinga i Rockheims Hall of Fame enn å reise på turné?

Få artistar her til lands har ein like suksessrik og mangslungen karriere som Morten Abel, og med hits som “Be My Lover”, “Lydia”, “Tulipz”, “Hard To Stay Awake”, “Doberman” og “Frøken Vilikke” treng han knapt noko nærare introduksjon. Vegen fra Bodø til Stavanger, fra Mods og The September When til Peltz og to tiår som definerande soloartist er lang og brokete. Men fellesnevnaren for Abels musikalske eskapadar er den vanvittige låtteften, som har gjort så å seie alt han har rørt ved, til både kritikerroste utgivingar og kommersiell suksess.

Abel har vore i rampelyset i snart en mannsalder, og han er og forblir ein av få ekte popstjerner vi har her til lands. Både salstala, prisane og konsertane på merittlista hans forsvarar denne statusen, og mannen er for lengst ein levande legende i norsk musikkbransje.

Gle deg til Abel kjem til Kultursalen i Trivselshagen 4. oktober!

Billettar

Kjøp billettar elektronisk her.
Billettar kan også kjøpast ved Servicetorget på Søreide og i Trivselshagen sin kafè.

______________________________________________________________________________________________________

25.10.18.Verda og Vi: Henrik Syse

Etiske verdier i en verden i rask forandring.
Henrik Syse er utdanna filosof. Han er seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (PRIO) og professor ved Bjørknes Høyskole. Fagleg har Syse arbeidd med politisk filosofi, rettsfilosofi og moralfilosofi, og han har gitt ut ei rad bøker både om desse og andre tema. I 2015 vart han vald som medlem av Nobelkomiteen. Han var medlem av Verdikommisjonens sekretariat 1998 – 2001 og medlem av Pressens faglige utval (PFU) som representant for allmennheita 2002 – 2016. Syse er og aktiv i kyrkjeleg samanheng som søndagsskulelærar, andaktshaldar og skribent. Han arbeider for tida deltid som foredrags – og kurshaldar, er aktiv i samfunnsdebatten og er ein mykje nytta foredragshaldar.

Kombiner din konferanse på Gloppen Hotell med eit fagleg gløtt til verda og storpolitikken.

Bestilling: 57 86 53 33  eller booking@gloppenhotell.no

 

______________________________________________________________________________________________________

29/11: Verda og vi: Harald Nygård og Anders Giæver. Kl 20:00

Med utgangspunkt i rettsteikningane vil Anders Giæver samtale med Harald Nygård om tida hans som teiknar i VG. Nygård har portrettert landets farlegaste kriminelle, formidla stemninga i retten og teikna scener frå grufulle brotsverk. Samtalen vil gje lyttarane eit innblikk i nyare norsk kriminalhistorie.

Publikum får møte menneske som har blir utsette for store påkjenningar; tiltalte, offer, vitne, juristar og pårørande  – og gje innsyn i kva som føregår i ein rettssal, sett frå første benk.

Harald Nygård

Harald Nygård er utdanna litograf og studerte ved Kunsthåndverksskolen i Bergen. Frå 1979 til han gjekk av med pensjon i 2006 arbeidde han som teiknar i VG. Han var ein av dei første rettsteiknarane i landet og spesialiserte seg etter kvart på denne type teikningar. Han har dekka dei mest omtalte kriminalsakene i Noreg og fleire av våre naboland, til dømes Treholt-saka, Palme-saka, Orderud-saka og 22.juli-saka.

Anders Giæver

Anders Giæver har jobba i VG sidan 2000, etter fleire år i aviser som Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen.  Frå 2004 til 2008 var han leiar for kommentaravdelinga, og frå  2008 til 2011 var han VG sin USA-korrespondent. Han har dekt ei rekke større rettssaker som kommentator for avisa, mellom anna Orderud og 22. juli saka.

 

Kombiner din konferanse på Gloppen Hotell med eit fagleg gløtt til verda og storpolitikken.

Bestilling: 57 86 53 33  eller booking@gloppenhotell.no