Haustens gode smakar

Haustmenyen er klar! Her får du smake på ei mengde av haustens godsaker. For ei glede det er i lufta kvar gong ein ny meny skal presenterast og testast, for prøvesmaking i forkant er ein viktig seanse. Her skal det smakast til og justerast slik at vi får den perfekte kombinasjon av smakar. Ikkje minst skal alle kokkar og servitører lære kvar maten kjem frå, samt korleis den skal presenterast. Litt fotografering må også til.

Vekas kvite fangst. Baconpotet med heimelaga bacon, variasjon av jordskokk, lokale grønsaker frå Hauge, lauk- og kyllingsjy. Fisketypen varierer, men på biletet ser du kveite frå Domstein.

Ein god start på måltidet.

Forrettane består av “Lun, varmrøykt Jølstraaure frå Finn Årdal” med sylta blomkål, brent og sylta haustpurre frå Hauge, bruna fløyte og dill. I midten ser du “Sjøkreps frå Gloppefjorden” med buljong av sjøkreps, agurkgele, sylta knutekål, Gloppeepler, sitron- og timianolje. På bildet lengst til høgre ser du “Haustsuppe av grønnkål frå Hauge”. Rista lokal sopp, grønnkalchips og vaktelegg frå Ryssdalen. Denne suppa er no endra til “Haustsuppe av skogssopp med rista lokal sopp, urteolje med urter frå Devik, heimelaga potetchips og vaktelegg frå Ryssdal.

Sjølve kronretten, “Gloppehjort frå lokale jegarar” Smørbakt rosmarinpotet, rista sopp og rosenkål, glaserte Gloppeepler, fløytesaus med lokale tyttebær og cognac.

Så heldige vi var som fekk litt sollys til fotograferinga på ein ellers så grå dag.

Hovudrettane er fargerike. To kjøtrettar og ein fisk. På haustmenyen er det nesten obligatorisk med hjort og lammeskanke her på hotellet, og kva passar vel bedre?

Blant haustens dessertar finn du “lun suppe av blåbær ifrå Gloppen” med handlaga melkeiskrem, garnite av handplukka granskudd. Havre- og hasselnøttecrumble. På biletet i midten ser du “karamelliserte krydderpærer frå Gloppen” med mint- og sjokoladeis, mørk sjokoladejord og myntesirup av mynte frå Devik.

Har du høyrt om øl-is? Her har du den! Rødbetkake, is av porterøl, korn- og tyttebærcrumble, rødbetmarengs, sitrontimianolje. Ein meget spennande kombinasjon.

Kva tilbehør passar best, korleis skal dei ulike elementa ligge på tallerkenen osv. Kjøkkensjef, Bodil er nøye med detaljane.

Hjarteleg velkomne til Restaurant Stovene i haust, de kan lese heile menyen her.
Vi serverar a la carte mandag til laurdag mellom kl 13:00 og 22:00 og søndagar mellom kl 13:00 og 20:00.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *