Flotte dagsturar

Nordfjord

Oldedalen og Briksdalsbreen

Briksdalsbreen er ein av vestlandets aller største turistattraksjonar, og det er slett ikkje utan grunn!
Om du er i Nordfjordområdet, må du faktisk få med deg dette eventyret av ein naturskatt. Frå Sandane tek turen ca 50 minutt til Olden. Der svingar du av til høgre mot Oldedalen.

Vegen gjennom denne dalen, den vakraste vi kan tenke oss, er ei stor oppleving i seg sjølv. Idyllen er komplett, og bilder herifrå er typiske for mykje av marknadsføringa av Fjord Norge både nasjonalt og internasjonalt.
Innerst i dalen finn du Briksdalsbre Fjellstove og vegen opp mot sjølve breen. Det er ein flott tur med fossefall og fjell som stiger like inni himmelen. Ca 30 minutt tar det å gå opp til breen, ein fin tur for alle med normal fysisk form. De kan også velge å leige Trollbilar om de heller vil det.
Framme ved breen er det fint å ta seg ei lita nistepause og berre nyte plassen du sit på. Eller du kan kjøpe ein lunsj på Fjellstova når du kjem nedatt.

Andre stadar i nærleiken her som er vel verdt eit besøk er Kjenndalsbreen og Lodalen, med si dramatiske historie eller Via Ferrata Loen, om du er ute etter høg puls og spenning.

Fjærland med bokby og bremuseum

Fjærland ligg ca 50 minutters køyring frå Sandane, søraustover gjennom Våtedalen og Jølster, via Skei mot Sogn.
Frå gammalt av ei isolert bygd innerst i ein fjordarm av Sognefjorden. Fortsatt får ein følelsen av å være komen til eit eige land her inne. Klimaet er kaldare, fargane lysare og fjella er vakkert slipte av breane.

I vakre Fjærland ligg attraksjonane i kø, i kort avstand frå kvarandre. Det er bare å sette av dagen og nyte. Vi anbefalar at du får med deg Den Norske Bokbyen. Her er fleire gamle fjøs og naust pussa opp for å stille ut fleire tusen bruktbøker som er til sals. Vandre langs fjorden innom ulike naust og hus, stopp for kaffi på Kaffistova og vandre vidare. Besøk også gjerne det prislønna Bremuseet.  Frå deira nettsider: "Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for Klimaviten syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Norsk Bremuseum er for det nyfikne mennesket"

I tillegg kan du gjerne ta deg eit måltid på ærverdige Hotel Mundal i flott historisk atmosfære. Vi vil også varmt anbefale eit besøk til Fjærland Fjordstove, like ved vatnet i spesielt trivelige lokaler- og herleg mat! Eller nyte panoramautsikt til Bøyabreen frå Brevasshytta.

Selje, Stadtlandet og Vestkapp

StadtlandetFrå Sandane når du Selje på vel 1 time. Denne delen av kysten med Stadtlandet, er ei verkeleg perle som du absolutt bør få med deg.
Her bugnar det av natur du kan miste pusten av, og spennande historiske stadar. Her er havklippar, kvite strender, kloster, ruiner og kystfort frå krigens dagar, vikinghistorie, galleri og museum.
Vi nevner i fleng: Selje Kloster, Seljesanden, Vestkapp, Dragseidet, Erviksanden  og Hoddeviksanden. Og for servering tipsar vi om Doktorgården og Furebuda.

Selje er altså nærast når du køyrer frå Sandane. Her er ein tur ut til Klosteret eit "must", og vi anbefalar at du tek klosterbåten ut til Selje Kloster og får med deg ein guida rundtur. Heilt spesiell historie om St. Sunniva og nydelege omgivelsar.
Vel tilbake i Selje kan du gjerne ta deg eit bad på den flotte kvite sanden, eller kjøpe deg litt mat i den trivelege Doktorgården, samstundes som du kan handle kunst og handverk. Også i Selje finn du Galleriet mot Storhavet som er vel verdt eit besøk for hagen og bygget aleine, samt flotte kunstverk av Kjell Stig Amdam med fleire.

Dette er ein fin dagstur i seg sjølv. Men om du har ekstra god tid, kan du gjerne ta deg ei god runde rundt på heile Stadtlandet. Vi anbefalar lunsjpausen på Leikanger og Furebuda, her får du herleg heimelaga lokalmat. Slikt kan vi like!

Ellers er fotturen frå Indre til Ytre Fure ein opplevelse du aldri vil gløyme, den tar 1-2 timar, alt etter kor travelt du har det. Og turen går på smale stiar nede langs strand og opp over klippar- til du kjem ytterst på Ytre Fure med to nedlagde gardsbruk, stillhet og ei utsikt ein blir audmjuk av. Du kan lese meir om denne fotturen her.

Ein tur på Noregs vestlegaste punkt Vestkapp er ofte obligatorisk. Det er også vel verdt å få med seg Erviksanden og det spesielle St. Svituns Minnekapell. Eller ein kan fordjupe seg Vikingshistoria på Dragseidet. Eller kanskje du har lyst på ein tur til surfarane på Hoddeviksanden?

Ha ei flott reise til den vakre kysten av Nordfjord.