Naturopplevelsar

Aktiviteter Haugsvarden copy

Frå Tystadstølen til Haugsvarden 862 moh

Dette er en relativt enkel tur med fantastisk utsikt heile vegen. Vi startar turen på Tystadstølen og går derifrå mot Haugsvarden. Vel oppe tar vi ei kaffipause og heimelaga nistepakke frå hotellet. Vår lokale guide kan fortelje mykje om både utsikt og historie, og dette er ein veldig fin tur i slakt terreng.

Tidsbruk: ca 3 timar, inkudert transport.
Tilgjengeleg: Heile året (Men kan være noko vått vinterstid)
Pris: (Minstepris 2500,- kr).

NB! Transport til og frå startpunkt til turen mot Tystadstøylen kan organiserast mot tillegg i pris.

Foto: Ronny Solheim

Foto: Ronny Solheim

Aktivitetar med Gloppen Aktiv

Gloppen si eige satsing Gloppen Aktiv tilbyr blant anna utleige av fulldempa stisyklar, mountainbikes og el-syklar. Her tilbys det også guide til fjell-, kajakk- og sykkelturar. Kanskje kan du tenke deg ein dag med fiske, båttur, matlaging og moro? Gloppen Aktiv tilpassar gjerne opplegget etter ønske.

Besøk nettsida for meir informasjon og bestilling: www.gloppenaktiv.no.
Om ønskelig kan du ta kontakt på e-post: post@gloppenaktiv.no eller tlf:98905946.

 

Presentasjon kajakk

Kajakkpadling på Gloppefjorden

Bli med på å utforske fjord-landskapet frå sjøen! Vi kan sjå kulturlandskapet som er bygd opp gjennom mange hundre år med dyrking av jord og skogbruk. Det rike fuglelivet er lett å kome tett på, når ein kjem stille i kajakk eller kano. Vi har også mange fine fjellvatn som er spennande å utforske, og vi kan ta med lokal lunsj som kan etast ute på ein av støylane som vart brukt til folk og dyr i tidlegare tider.

Kontakt oss for kurs eller tur med guide. Du kan også leige kajakk eller kano og padle på eiga hand.
På guida turar tek vi med lunsj og dette er inkludert i prisen.

Tid: 3 timar
Språk: Engelsk, Nederlandsk, norsk
Minimum: 2 personar
Inkludert: Kajakk eller kano, flytevest, årar, våtdrakt eller tørrdrakt, lunsj (på guida tur).
Pris: Guida tur(3 timar) kostar 845 kroner per person. Leige av kajakk eller kano kostar 490 kroner for ein dag.

 

Presentasjon Stallrygg

Stallrygg Ridesenter

Stallrygg på Sandane kan du komme deg ut i den vakre naturen på hesteryggen. Ein ridetur til idylliske Traudalen med sine mange fiskevatn, er særleg anbefalt, eller langs stranda ved Gloppefjorden. Stall Rygg har raske varmblodstravere samt fjordingar og tilbyr riding for born og vaksne heile året. Dei tilpassar alltid ridinga til rytternes nivå, og alle vil får eit tilbod som passar.

  •     Riding på bane med instruksjon
  •     Halvtimes turer i nærmiljøet på Rygg
  •     Times turer i nærmiljøet på Rygg
  •     For øvede ryttere legger vi gjerne opp fjellturer på 2 -4 timer

Aktiviteter Ryssdalshorn

Ryssdalshorn 1201 moh – kanskje den finaste toppturen i Gloppen

Ryssdalshornet er eit kjennemerke i Gloppen der det ligg i bakgrunnen og vaker over Sandane. Turen startar i Ryssdalen og går oppover på både grusveg og sti. Utsikta vert finare og finare til lenger opp du kjem. På Ryssdalsstøylen vert det ein liten pust i bakken med medbrakt nistepakke frå hotellet, samt litt historie om korleis det var å drive med støylsdrift frå gammalt av. Turen går vidare til sjølve Ryssdalshorn. Terrenget er noko bratt, men det er ein kjempeflott tur, enten du når toppen eller ikkje.

Pris per person kr 280,- Minstepris: kr 3000,- (Tillegg for nistepakke)
Varighet ca 4-6 timar
Utstyr: Varme kle, gode sko, regnkle dersom utrygt for nedbør, drikkeflaske, niste og dagstursekk.

Presentasjon Gjegnen og Eggenipa

Fleire fine toppturar

Rundt om i den flotte naturen rundt Gloppefjorden finn du vakker og vill vestlandsnatur med fjord og fjell på kloss hold. Ei naturperle av dei sjeldne. Store fjellvidder med variert natur er eit eldorado for turgåarar både sommar og vinter. Terrenget er for det meste lett og Gloppen eignar seg såleis svært godt for turar og naturopplevingar for turgåarar i alle aldersgrupper. Turkart om Gloppen er tilgjengeleg på hotellet, og har innteikna både merka og umerka turar. Vi tilbyr fjellturar med erfarne vegvisarar som også gjerne lagar bål og eit lite måltid av lokale fristelsar undervegs.

  • Svinestranda 1074 moh
  • Eggjenibba 1338 moh (bildet til venstre over)
  • Vora 1436 moh
  • Snønipa 1827 moh (brevandring)
  • Gjegnen 1670 moh (brevandring) (bildet til høgre over)
  • Bretur til Haugabreen

Utvikfjellet

Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet

Kun 20 minutters køyretur frå hotellet, finn du Utvikfjellet og eit veldig bra skisenter. Her er fire trekk, to av dei for barn av ulik vanskegrad. På toppen av trekket får du ein storslagen utsikt mot alle himmelretningar. Her er også spesielt flotte preparerte løyper for langrenn, både i Svartebotnen, til Snøfjellet og kortare turar. Heile tida med den fine utsikten ned mot fjordar og dalar.
For oppdateringar om vêr- og løypeforhold, sjå heimesidene deira her 

ski 2 nett

Off-piste turar med profesjonell turleiar

Visste du at Gloppen har nokre av landest beste fjell for randonee og off-piste? Ein instruktør tar dykk med på ein uforgløymeleg tur i vill snø. På toppen lagar vi bål og koker kaffi. Medbragt får de sjølvsagt ei herleg lunjskorg med lokale fristelsar.

Turen kan leggast opp individuelt etter ynskje og nivå.

Brevandring

Jølster er nabokommunen til Gloppen og eit ypparleg utgangspunkt for brevandring på Haugabreen. I sommarmånadene vert det arrangert turar med ulik lengde og vanskegrad kvar veke med godt kvalifiserte og erfarne breførarar.Nordfjord Adventure på Friluftsskulen er vår samarbeidspartner på alle turar, les gjerne om dei på heimesidene deira; Nordfjord Adventure 

RAFTING

Ribrafting

Rib 1: Konkurranse på fjorden

Vi har fleire små rib-båtar tilgjengeleg for leik på fjorden. Alt frå teinetrekking til fartskonkurransar med fine premiar.

Tidsbruk: ca 15-20 minutt.
Tilgjengeleg: Heile året
Pris: 250,- kr pp

Rb 2: Fjordrafting

Velg mellom type sightseeing eller tupéløft på Gloppefjorden og ut i andre fjordarmar. Ei fantastisk oppleving i ribbåt! Pris kr 680,- pp for ca 1 time. Transport til påstigingsplass kjem i tillegg.

Rafting i Jølstra, Go-kart og Elvebrett/Riverboard

50 minutt frå hotellet finn du Jølster Rafting og ei av dei flottaste raftingelvane i Nord Europa. Her byr dei på det aller meste av moro, spenning og underhaldning til både nybegynnar, erfaren og adrenalinfrelst. Her vert det arrangert turar med ulik lengde og vanskegrad fleire dagar i veka i sommarsesongen. Følg linken for å sjå kva Jølster Rafting tilbyr: www.jolster-rafting.no