Moro med mat og drikke

beertasting

 

 

 

 

 

Ølsmaking i kjellaren

Vi tek deg gjerne med i Kjellaren for ei uformell ølsmaking. I vårt eige bryggeri produserar vi kvart å ca 8000 liter ulike typar brygg. Her får de fleire smaksprøver både frå vårt eige og andre lokale bryggeri. Til ølet får de mykje fin informasjon om både brygging og øltypar, samt nyte små matbetar som høver til. Historiefortelling om hotellet og omvisning i bryggeriet høyrer også med.

Tidsbruk: ca 45 min.
Tilgjengeleg: Heile året
Antall: 8-50 personar
Pris: 350,- kr pp

aktivitet kokkekamp ny

Kokkekamp og kurs med våre meisterkokkar

Leik og lær av dei beste frå hotellets prisvinnande kjøkken. Dette er ein morsom, samlande og ikkje minst lærerrik aktivitet for grupper frå 8-15 personar. På plass er ei rekke spennande lokale råvarer som de skal trylle fram noko etande godt av, både forrett og dessert. Hovudretten tar våre kokkar seg av.  Rettane blir vurdert av vårt dyktige dommarpanel som kårar ein vinnar. Etterpå skal de sjølvsagt nyte maten de har laga med noko godt i glaset.

Tidsbruk: ca 2-3 timar.
Tilgjengeleg: Heile året
Antall: 8-15 personar
Pris: 450,- kr pp (Gjeld for buande pensjonsgjester)
Ikkje-buande gjester: kr 750,- pp

Vi arrangerar også ulike matkurs, f.eks i kortreist fingermat (tapas). Rundt juletider har vi julekake- og konfektkurs.

Culinary rebus

 

 

 

 

 

Kulinarisk rebusløp – arrangert på idylliske Karnilstunet

Denne aktiviteten gjev dokke opplevinga av det beste Gloppen kan by på. Idylliske Karnilstunet med sin 100o års haug, historiske eplehage og flotte utsyn over fjorden, skaper dei perfekte rammer for rebusløpet. Her får de smake og vurdere vår unike lokalmat. Både heimelaga pålegg, røykelaksen, vår økologiske kaffi og eplejuice er blant det som står på menyen. Her blir det blindsmaking, kålkasting og mykje anna moro. De får prøve dykk på både handvisping av krem og laging av den lunefulle vaniljesausen. Postane blir plassert rundt om på garden Karnilstunet og oppe på Karnilshaugen. De skal konkurrere på tid, kunnskap, og aller mest: Smaksløkane.
Omvisning på tunet med historieforteljing rundt den mytiske haugen er ein fin føraktivitet til rebusløpet.

Tidsbruk: ca 2 timar.
Tilgjengeleg: Heile året
Antall: Min. 20 personar. Stor kapasitet.
Pris: 450,- kr pp (Over 30 personar; kr 350,- pp)

Besøk Høgt & Vilt. Urter frå Devik

Etter avtale tilbyr flinke Bjørg omvisning og tesmaking på garden til sin. Opplegget kan tilpassast etter kva de er mest interessert i. De får gjerne ei orientering om drifta og dei ulike urtene de finn her.
Bruket ligg ca. 100 meter over Gloppefjorden med panoramautsikt til fjord og fjell.

Bjørg har gartnarutdanning og erfaring frå grønnsaks- og blomsterproduksjon på friland og i veksthus. Ho ynskte å ha garden som sin arbeidsplass, og byrja  å hausta viltveksande urter for sal. Etter kvart har ho utvida med økologisk dyrking av mange te- og krydderurter. I sommarsessongen tek heile familien del i urteproduksjonen. Det meste vert tørka, og selt som urtetear og –krydder i butikkar og på messer og torg.