Lagbyggingsaktivitetar

Lagbygging 1: MORO
Denne aktiviteten kan du lese meir om i eige blogginnlegg her.
– Settast opp utvalgte stadar som Folkemuseet, Veslevatn mm. facebook

De vert delt i grupper på 5-6 personer og vi gjennomførar ein lagkonkurranse med originale og artige oppgåver og utfordringar. Laga vert særleg utfordra på samarbeidsevne, kommunikasjon, kreativitet og problemløysing. Dette er eit lågterskel tilbod alle som kan gå kan være med på. Garantert moro og latter – og du vert kjend med kollegaene dine på ein annan måte.

Oppgåvene er blant anna: A-ramme bygging og stafett, bru, gjenga XXL, taufirkant, blekkspruten, balansebord, frisbeegolf oppgåver mm.

Tidsforbruk 2-3 timar
Grupperstørrelse: 10-150 personar
Pris: kr 495,- p.p.
I samarbeid med Norway Adventure

Leige Veslevatn: Kr 1000,- (Idyllisk område, 10 minutters kjøretur frå hotellet. Vatn, skog og store flott gapahuk).

Vi arrangerar også denne aktiviteten ved Folkemuseet, kun 5 minutters spasertur frå hotellet. Det kan være lurt å velje dette området særleg på vinterstid med fare for snø. Leige Folkemuseet: Kr 2000,-

Kombiner med smakebitar frå vår aktivitetsmeny for ekstra kos og hygge.

Lagbygging 2: SAMARBEIDSLØYPAbalansering 2
-Løypa ligg inne i skogen ved gapahuken på Vereide.

Bare 10 minutts køyretur frå hotellet, finn vi ein flott gapahuk, ca 15 minutts gange inni skogen. Rundt denne er det 8 postar med forskjellige fysiske og mentale oppgåver som gruppa må løyse i lag. Denne løypa heiter Samarbeidsløypa og skapar stor begeistring og glede frå deltakarar kvar gang. Oppgåvene variere frå balansegang på stammar til rapellering. Etter innsatsen lagar vi kaffi på bål og nyt stunda. Tid ca 2-3 timar. Opplegget kan kortast ned og tilpassast etter ynskje. Vi kan også lage enkel lokalmat på bål mot eit tillegg i pris.

Tidsbruk: ca 3 timar.
Tilgjengeleg: Heile året
Pris: 425,- kr pp

Leige av anlegget: kr 1000,-

NB! Transport til og frå startpunkt til turen mot gapahuken kan organiserast mot tillegg i pris om de ikkje har eigen transport.
Merk at det tek ca 10 minutt å køyre og mellom 15-25 minutt å gå innover i skogen til Gapahuken og løypa.

 

Lagbygging 3: FRISBEEGOLF frisbeegolf1 (2)

Frisbeegolf er eigna for alle og ideelt for mindre/middels store grupper. Ved frisbeegolf kastar du ein frisbee mot eit mål på ei ”bane”. Ellers foregår det akkurat som ved golf; du går etter frisbeen og tar den opp, kaster der du finner den, og scorer på spesielle frisbeegolfmål på ferrast mulege kast. Du går i lag med små grupper (1-4 personer).

Tidsforbruk: 1-2 timar
Gruppestørrelse 2-20 personar
Pris: 425,- p.p.

Kan også kombinerast med Lagbygging 2: Moro.
I samarbeid med Norway Adventure

 

Vår eigen lagaktivitet: Hotellmoro

Her får de blant anna prøve dykk på treskistafett, koffertdisko-kasting, fotballgolf, balansekunst og øksekast. Aktivitetane foregår i hotellhagen og/eller inne på hotellet. Enkel premiering til vinnarane.

Her blir det mykje latter og moro! Egnar seg for eksempel godt som eit avbrekk i konferansen.

Aktivitetane blir holdt av eit utval av våre kjekke ansatte og vi tilpassar gjerne aktivitetane slik at opplegget passar til dykk.

Kontakt oss så set vi saman eit opplegg.

 

 

Lagbygging 4: InTeamMade
-Lag-/organisasonsutvikling med bruk av oppgåver i naturen.

I samarbeid med InTeamMade leverar vi teambuilding med fagleg tyngde. InTeamMade er ei bedrift frå Nordfjord med mange års erfaring innan organisasjonsutvikling, teambuilding og friluftsliv i samband med leiarutvikling. Dei jobber med organisasjonsutvikling og fokuserar på den vanskeligaste faktoren; menneske og samhandling mellom desse.

På førehand vert det diskutert problemstillingar og tema i lag med oppdragsgjevaren. InTeamMade leverar derretter eit opplegg der alle i gruppa vert utfordra på ynskja tema med påfylgjande evaluering og tilbakemelding til heile gruppa og enkeltdeltakarar individuelt.

Store delar av dette opplegget foregår ute i naturen med oppgåver som er mulige for alle uansett fysiske forutsetningar.

Typiske tema kan vere motivasjon, rekruttering, prosjektgrupper, organisjasjonsomstillinger, utbrentheit, kommunikasjon osv.

Pris: på forespurnad.
I samarbeid med InTeamMade

 

 

Alle aktivitetar over kan med stort hell kombinerast med smakebitar frå vår aktivitetsmeny for ekstra kos og hygge.

For alle overnevnte aktivitetar gjeld ein minstepris på kr 3500,-
Reduksjonar i antall meldast seinast dagen før.

Vi samarbeider med Norway Adventure, Briksdal Adventure og andre lokale aktivitetstilbydarar til våre lagbyggingstilbod.