Andre aktivitetar

Aktiviteter trivselsbadet

Trivselsbadet

Flott nytt badeanlegg i Trivselshagen, kun 100 meter frå hotellet.

Opningstider heile badeanlegget:
tysdag – fredag: kl 16.00-21.00
laurdag – søndag: kl 12.00 – 17.00
Her er også boblebad og anlegg for dei minste barna.
Vegg i vegg ligg treningssenteret.

For generelle prisar og meir informasjon, sjå Trivselshagen sine eigne sider 


museet

Nordfjord Folkemuseum

Nordfjord Folkemuseum ligg ein spasertur unna hotellet. Eit besøk dit passar fint som avbrekk på møter / konferanse. Beinstrekk kombinert med litt sightseeing og lokalhistorie! Her kan du vandre rundt på det vakre området frå hus til hus. Gå opp på den vesle støylen og sjå ut over Sandane og Gloppefjorden. Du kan gå blant gamle eplesortar i eplehagen, beundre skiftande utstillingar i hovudbygget, handle lokale spesialitetar i butikken, nytte kafeen og mykje meir. Gå ikkje glipp av dette idylliske skattekammeret, midt på Sandane.

Turoperatørar kan kontakte museet direkte for detaljar om pris og tilgjengelegheit.

Besøk i utstillingane
Grupper kan besøke utstillingane på museet som avbrekk på møte eller konferanse på hotellet. På museet er det skiftande utstillingar av gjenstandar frå museet si samling. Museet har også friluftsmuseum som ligg i det vakre naturområdet «Jølet». Om sommaren er husa opne for publikum. I vinterhalvåret er husa stengde for publikum, men området er fint å vandre rundt i sommar som vinter.

Tilgjengeleg: Heile året; mån-fre og søn kl. 11-15. Frå 15.juni til 15. september: 11-17 alle dagar.

Pris: Ordinær inngangsbillett (70/50/40)
Ta kontakt for pris og bestilling utanom opningstidene, eller for å tinge eiga omvising i utstillingane.

Omvising i friluftsmuseet

Korleis budde og levde folk i Nordfjord for 250 og 150 år sidan? Bli med på omvising i friluftsmuseet! Vår lokale guide fortel. I friluftsmuseet er det sett opp 44 antikvariske hus frå Nordfjord. Mange av husa er frå 1700- og 1800-talet, og er innreidde slik dei kan ha sett ut den gong. Her finn du mellom anna gardshus slik ein hadde på ein gard kring 1850: stove, matstove, nystove, eldhus, fjøs, stall, lade og utedo. I friluftsmuseet finn du også eit vasskraftanlegg i tilknyting til elva som renn gjennom Jølet, og ein natursti med 25 postar.

Tidsforbruk: 45-60 min. Minimum 10 personar.

Mellom 15. juni og 15. september er omvising klokka 13 inkludert i ordinær inngangsbillett. Grupper må avtalast på førehand. Kontakt også Nordfjord Folkemuseum for pris og omvisingar utanom ordinær opningstid og sesong.

Kulturløype på Nordfjord Folkemuseum

Korleis levde og budde folk i Nordfjord før i tida? Gjennom denne oppgåveløypa i friluftsmuseet blir du kjent med livet i «gamledagar». Løypa går gjennom det vakre naturområdet «Jølet». Den går innom fleire av dei antikvariske husa på museet. Undervegs løyser du oppgåver; her får du bruk for kunnskap, ferdigheiter og fantasi! Veit du å bruke børtreet, og er du klar for stylteløp? Då kan det hende gruppa di stikk av med sigeren!

Tidsforbruk: 45-60 min. Minimum 10 personar, passar godt for store grupper.
Pris: 100,- p.p.  Minstepris 1000,-  For grupper over 40 personar, ta kontakt for pris.
Tilgjengeleg: heile året, med atterhald om vêret. Oppgåvene passar best for ungdom / vaksne.
Må avtalast på førehand.

Besøk ein hardingfeleverkstad!  
I Sydneshuset på Nordfjord Folkemuseum har Harald Kvandal ein hardingfeleverkstad. Her tar han imot grupper som ønskjer å få vite litt om korleis ei fele blir til. Kvandal syner fram verktøy, material, og ulike steg i byggeprosessen. Og så får du høyre korleis fela let!

Tidsforbruk: 30 min. Minimum 10 personar.
Pris: 100,- p.p. Tilgjengeleg: etter avtale. Inngang til museet inkludert i prisen.

aktivitet omvisning

Historia om Gloppen Hotell, frå 1829-2015

Her får de ei personleg omvisning av vertskapet på hotellet. De får sjå både på rom og hage, stabbur og produksjonskjøkken. Her får de kjenne på grunnmuren frå 1846, høyre spøkelseshistorier og smake på både mat og drikke.

Passar for mindre grupper, såvel som større, som vil ha ein kort og enkel aktivitet, som samtidig gjev det lille ekstra.

Tidsbruk: ca 1 time. Kan tilpassast etter behov.
Tilgjengeleg: Heile året
Antall: Frå 5 personar og oppover
Pris: 179,- kr pp

Karnils 2

Eldstova og Karnilstunet – ei unik ramme rundt måltidet

Kva med eit besøk på 1000 år gamle Karnilstunet med Karnilshaugen, Vestlandets største tinghaug, som bakteppe?
Ei heilt spesiell oppleving med fantastisk utsikt og spennande historie. Perfekt til lunsj, middag og dans i sommarhalvåret. Her får duomvisning og historefortelling frå denne mytiske staden. Stå på haugen og undre deg over kva som kan ligge gøymt inne i den, mens du beundrar ein storslagen utsikt over Gloppefjorden. Frå leksikonet kan vi lese dette: “Haugen har særegne astronomiske forhold knyttet til både sommersolverv og vintersolverv. Dette styrker en teori om at haugen hadde en form for religiøs betydning.”
Karnilstunet inneheld også ein unik eplehage med historiske gamle eplesortar, samt eit velstelt tun beståande av hovedhus, eldstove, stabbur og fleire andre små bygningar, kvar med si historie.

Kapasitet på låven: 30 på loftet (bildet) og 70 i første etasje.
Du kan også kombinere opphaldet til di gruppe med eit måltid i Eldstova ved Gloppenelva frå 1780.
Kapasitet maks 16 personar.

antikvitetslavenAntikk og Rarietetar

Eit besøk på Antikk og Rarietetar kan varmt anbefalast. Her fins ei flott salgsutstilling av antikvitetar i ein stor gammal låve over fleire etasjar. Her er ei heilt unik atmosfære! Denne samlinga er blant dei største på Vestlandet. Besøket kan lett kombinerast med foredrag, servering av vafler og musikk-innslag. Les gjerne på deira eiga nettsider her. Denne låven finn du på Rygg, ca 3 km frå hotellet.

Gruppetrening og dans

Eit par minutters gange frå hotellet ligg Spenst treningssenter. Eit nytt, stort og flott treningssenter som gjerne organiserer treningar for grupper. Timane vert organisert av erfarne trenarar.

Spinningtimar
Styrketime
Basisball
Dans
Yoga
Sirkeltrening, funksjonell trening omniarigg

Det er også mulighet til å arrangere treningar utandørs om det er ynskje om dette.

Sentrumsvandringar

Ei vandring i Sandane sentrum med historiefortelling, og smaksprøver. Turane kan vare i frå ein til to og ein halv timar. Vi tek utgangspunkt i å starte i resepsjonen på Gloppen Hotell. Lengde og tema varierer etter ynskje. Nokre tema er korleis sentrum var før, (den obligatoriske) skjenkestova, Firda Videregåande Skule (eller Firda Landsgymnas), Tankeringen, Russerleiren i Øvregata, dampskipkaia og/eller gardsdrift i sentrum. Kvar var eigentlig Sandane? Ein koselig spasertur. Vi smaker på eplejuice (ev.epletoddy på vinteren) og får smaksprøver av lokalmat frå Fjordameny.

Turen kostar NOK 120 pr. person, minimum NOK 600,-
Varighet ca 1 – 2,5 timar. Dette vil variere noko etter kvar ein går. Vert tilpassa den enkelte gruppe.
Ansvarleg: Marianne Ryssdal, Gloppen Sogelag og Nordfjord Folkemuseum.

Motivasjon

Workshops og foredrag av den særs erfarne Arne Kråkenes- Korleis bygge kvarandre gode.
Utmerka for korleis få fram det beste i seg sjølv, kolleger og familie. Humoristisk og praktisk bygd opp.