Selskap

Velkomen til oss når du skal halde selskap.
Hos oss er det heimekoseleg, uformelt og eit sus av historisk atmosfære. Dette kombinert med vår gode lokalmat og personlege service, gjer til at vi kvart år er med på å arrangere hundrevis av ulike tilstelningar.

Enten du vil feire bursdag, skal ha eit vennelag, russejubileum, barnedåp, konfirmasjon eller bryllaup, er du komen til rett plass!

Du velger sjølv kva meny du vil ha til arrangementet ditt. Dei fleste lar seg friste av vår koldtbordmeny, selskapsmeny eller deluxemeny.
Vi lagar også gjerne eigne menyar til di gruppe om du ynskjer det.

Vi tilbyr ekstra gode overnattingsprisar for alle som er her ifm med middagar og selskap:
Kr 990,- pp i enkeltrom og kr 745,- pp i dobbeltrom.

 

Bryllaup

Sjå eiga bryllaupsside her.

 

Konfirmasjonar

Vi brukar å lage ein felles stor lokalmatbuffet til alle som har konfirmasjon hos oss. De sit plassert i ulike stover rundt om og får være for dokke sjølve.
Ynskjer de eigen meny, kan vi sjølvsagt ordne dette.

Det er mange års ventetid på plass under konfirmasjonshelgane, så her gjeld det å være tidleg ute. Kontakt Terese for reservasjon.