Om året som gjekk, planar for 2017 og Simon!

Hei, no er det på tide med ei lita oppdatering her inne på hotellbloggen om alt som har skjedd i det siste, og skal skje framover på Gloppen Hotell.

Først: historia om Simon som ville til Oslo frå Breim og enda på Gloppen hotell som lærling.
No kjempar han om tittelen Norges beste resepsjonslærling!
Det er ei utrulig artig historie. Han var fast bestemt på å flytte frå Gloppen. Han skulle til byen.

Etter ei stund og mange samtalar, utplassering og eit nytt opplæringskontor, klarte vi å overtale Simon til å bli i kommunen. Han er no ein av 30 ansatte i hotellfamilien, og det er vi utrulig stolte av. Lærlingar for oss er ikkje berre viktige, men heilt avgjerande for vegen viare. Det å ta imot ungdom og være tydelige på dette samfunnsansvaret, er heilt avgjerande for framtida. Det er ein ting som er sikkert, det er mykje klaging om millennium generasjonen. Vi er late, vi er opptatt av Ipads, data og opphengt i merkelege realityseriar. Min oppfatning er faktisk det motsatte. Eg møter mange på min alder som fortsatt kjempar for å ta utdanning, som jobbar utenom og som har studielån opptil brekningspunktet, men dei har på ingen måte tenkt og gi seg. Dei skal være med i konkurransen om dei gode og beste arbeidsplassane. Det er heller ikkje dei som hever statistikken på TV2 sin nye suksess Kjendis Farmen 😉

Frå Breim til Stryn Videregåande med Oslo i sikte som resepsjonslærling, kom han på utplassering på Gloppen Hotell 2 dagar i veka. Eg såg fort at vi burde få han som lærling og jobba derfor mot målet om å beholde Simon i Gloppen. Etterkvart klarte vi det! Og no er han i Norgesmesterskap.

Simon har vore lærling frå august i fjor og har vist eigenskapar innen faget sitt som vi sjelden ser. Vi er så utrulig takknemlige for å følge Simon i eit år til. Forhåpentligvis med en NM seier, men om vi ikkje tar den i år, fiksar vi det til neste år! 🙂

Fleire lærlingar i 2017
Den neste resepsjonslærlingen er ansatt allerede, før søknadssidene til lærlingsplassar er åpna. 1 kokkelærling er ansatt, heilt frå Tysnes, Tenk deg at folk vil flytte frå Tysnes til Sandane!

Gloppen Hotell vil bli den største lærebedrifta i landet i forhold til antall årsverk. Vi skal være best innen vår bransje på rekruttering.

KS (kommunes sentralforbund) meinar at kommunane burde ha 2 lærlingar per 1000 innbygger. Gloppen hotell oppnår nesten dette aleine.

Oppussinga i vår historiske del fortsetter

Litt av innredninga er på plass.

212 er snart også ferdig og klart.


Eit lite tilbakeblikk på 2016

Oppussing sto på agendaen også i fjor. Totalt vart det 10 nye renoverte bad og rom i vår såkalla 70-talls del, 4 heilt nye historiske rom. Nyslipt og oppussa restaurant, stover, nye vinduage på ein heil hotellfløy og nye dører med kortløysning på 15 rom.

Laks Lordar og Lokalmat, Gloppen hotell 150 års jubileum. 

I 2016 hadde vi 150-års jubileum, og sjølvaste Ove Eide tok på seg oppdraget med å skrive ei jubileumsbok til oss. Resultatet har blitt ei makelaus bok på 180 sider, spekka med historier og bilder frå både hotellet, uviklinga av bygda Sandane, og laksefisket. I tillegg er der eit eige kapittel om livet på hotellet i dag, lokalmateventyet og hotellfamilien.

På boklanseringa møtte omlag 100 bygdefolk opp, og det blei ei fin feiring av både jubileet og boka.
Vi sel boka her på hotellet og hos Selja og Eikenes Libris Sandane.

Av andre ting som skjedde i fjor; Oppstart av Gloppen Aktiv, eige jubileumsbrygg, eigen hotellvin, jubileumsmeny, Co2 prosjekt osv osv.

Starten på Gloppen Aktiv saman med Gsport Sandane

Gloppen Aktiv er inne i ei kjempespennande periode. At Gloppen kommune har gitt oss tillit med pengar i stønad til forprosjektet er heile Gloppen tjent med på sikt, som vår engasjerte og dyktige Knut Roger (Næringsjef) pleier og seie. Vegen blir til mens man går og vi har visjonar om å vise Gloppen fram frå fjell til fjord, vi har planar om å få folk til å komme hit, bu her, ete her, være aktive her.

Om du leiger ett hus på Airbnb, ei camping hytte, hotellrom eller bur i bilen din. Det har eg ikkje noko forhold til. Vi ønsker deg hit, vi ønsker å skape aktivitet slik at alt av reiseliv og næringsliv i Gloppen har eit bedre grunnlag. Så vær med oss, kom med innspel og hjelp oss, vi er her for å skape aktivitet saman med dykk.

Gloppen Brygg 2016-2017

Frå kanskje verdas minste bryggeri til eit større bryggeri med meir kapasitet.

I 2017 forhåpentligvis før sommaren blir Noregs minste bryggeri større. Dette er tenkt i samband med fleire ting. Eg ønsker og få eit meir effektivt bryggeri, med mulighet for å brygge hyppigare. Det er også andre som har lyst på eige øl, og uten at eg skal røpe kven det er, er dei lokale, urbane og kule.

Med å flytte bryggeriet kan vi ha ølsmakningar i bryggeriet, vi kan ha foredrag, ølbryggekurs, omvisning og plass til å brygge Gloppen juleøl, Eggeipa o.l.

Bryggeriet har vært den kjappaste og kjekkaste utviklinga vi har hatt. Frå 100 000 kr til 1 000 000 kr i brutto omsetning på 1 år. Vi har hatt over 1500 personer til ølsmaking. og eg ser muligheter for å brygge meir og sleppe å kjøpe øl, vi ser muligheter til å kunne brygge eigen pils, vi ser muligheten til å brygge over 100 000 liter i dei nye lokala.

Så kanskje, berre kanskje, får du Gloppen Brygg i butikk etterkvart.

Chefs Dinner AS.

Gunnar Naghel-Dahl, Torstein Hatlevik, Preben Moen og Nils Henning Nesje


Chefs Dinner har blitt til, det og for å forklare folk kva dette er for noko, kan eg fortelle litt om oss 4 sjeler som driv dette AS´et.

Vi var ein gjeng som møttes i følge Torstein på homsebar i Berlin. Det er selvfølgelig sprøyt, kven Torstein møtte på den baren veit vi lite om, men vi er 4 kokkar, som er glade og engasjerte, som driv våre eigne bedrifter og held på med mykje forskjellig. Det vi har til felles er jo at vi alle er veldig glade i lokalmat og fjordfylket, vi ønska å bli det første selskapet som samarbeider over 3 fylkesgrenser. Vi ser på Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal som matmekka, vi skal fremme og markedsføre lokalmat frå desse flotte distrikta. Vi har holdt på i snart 3 år, og har hovudkontor her på Sandane, midt i fjordfylka og med masse artige jobbar i tida framover tildømes Dubai i februar.

I 2016 var vi på forskjellige arrangement, Unesco Verdsarv sitt årsmøte for Creative Food Citys i Østersund, vi var på Klippfiskakadmiet, Strynemessa, Smaken av Sogn, Matamål, Haaheim gard 2 gongar, Gloppen Hotell, Storfjord Hotel og mykje meir sprell. Det er kjekt å kunne utvikle seg og tenke i lag, 4 gode kokkevenner som sprer kunnskap, erfaring og glede. Aldersspennet er frå 26 (meg) og til 60+ ? (Gunnar) han har fortsatt ikkje fortalt meg kor gammal han er.

Chefs Dinner som de les, er eit selskap som er satt saman av 4 kokkar som likar å ha det kjekt, nokon byr meir på seg sjølve enn andre (Torstein Hatlevik) og (Nils Henning Nesje). Men vi er uredde og glade i å ha det artig oss i mellom, men også for gjestane. Det skal være gjestebod med lokal kvalitetsmat og innslag av kokkehumor. Det er heilt greit og seie at humoren er både drøy og egenarta.

Her frå Haaheim Gard. Dette var rett etter bok- og filmsuksessen Fifthy Shades of Grey, der vi lagde vår versjon av dette. berre Fifthy Shades of Pig.

25. mars er det klart for Chefs Dinner på Gloppen Hotell igjen, her kan du melde deg på.
Les meir om arrangementet her.

Visit Nordfjord

Til slutt vil eg gjerne nevne Visit Nordfjord som har gått frå veteran til lamborgini, frå gråstein til gull. Og eg lovar dykk, det er virkelig ikkje lett og få slike prossesar igang, å skulle forklare og forankre ein profil i 6 kommunestyre. Det er utrulig at det har gått, og det er blitt så ufattelig bra. Vi har ei kjempeglede av at vi no kan legge fram og profilere oss som ein attraktiv destinasjon, skille oss ut og slå oss sjølve på brystet i stolt Nordfjordstil.

#nordfjord

Bilderesultat for alt i en fjord

Det var ei ørlita oppsummering av året som har gått, kva vi jobbar med og kva vi planlegg framover. Ha ei fin vinterveke og hjartelig velkomne til Gloppen hotel og Nordfjord.

Helsing Preben
Husfar

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *