Samfunnsansvar

etiske retningslinjer

Gloppen Hotell er sertifisert som Miljøfyrtårn frå 2012 og som fjerde bedrift i kommunen. Les meir om krava her.

Gloppen Hotell kjøper mest mulig av råstoffa til matproduksjonen hos 16 råvareleverandørar i kommunen. Frå bær og urter via frukt og grønsaker til kjøtt og fisk. Gjennom dette samarbeidet ønskjer vi å skape oppslutning, entusiasme og stoltheit i ei jordbruksnæring som alltid har vore sterk i vår kommune.
Dette er det viktigste området for oss når det gjeld samfunnsansar.
Vi har også sertisert oss som Miljøfyrtårn og tenker på miljøet på alle områder. Dette gjeld f.eks bruk av vannbåren varme, gjenvinning av avfall, bevisstheit rundt strømsparing, innkjøp frå miljøsertifiserte leverandørar og andre miljøtiltak. Vi tek også samfunnsansvar gjennom interne rutiner. Det er viktig for oss at alle som jobbar her har det fint, er glade og utviklar seg.

Folkehelse er også grunnleggande, og eit opphald hos oss vil alltid innehalde velsmakande sukker-, gluten,- og laktosefri alternativ. I tillegg brukar vi sjølvsagt reine lokale og naturlege råvarer.

Vi samarbeider også med lokale tilbydarar innan aktivetar og turisme. Dette gjer at vi i dag kan tilby eit breidt spekter av opplevingbar i kultur, natur, leik og moro.

Det er viktig for oss å bidra med det vi kan for å fremme lokale krefter på alle områder, derfor sponsar hotellet også mykje lokalat av festivalar, kultur og idrett.

Vi er stolt medlem av De Historiske Hotell og Spisesteder.

Fire kjerneverdiar i De Historiske:

• Gjestfrihet
Du blir tatt vare på med ein trygg, vennleg og personleg service

• Ekte
Sansene pirrast av stadar med genuin eigenart og kulturhistoriske kvalitetar

• God mat
Du opplever livsglede ved å nyte lokal mat av høg kvalitet

• Ro og avslapping
Du får fornya energi i avstressande omgivelsar