Medieomtale

Oppussing for 6 millionar
Firda Tidend, september 2015

Virke har laga ein fin video frå sitt besøk her i juni 2015. Les her.

Firda skriv om satsinga på Gloppen Brygg i september 2014 her.

Gratulerer Preben – “Helt Sjef”!
Vår hotellsjef vart 17.06.2014 kåra til vinnar av konkuransen “Helt Sjef” blant 405 nominerte unge leiarar over heile landet.
Les artikkelen i Firda her og i NRK her.

NRK har laga fleire innslag, blant anna dette frå 2014, om Preben si første tid som vertskap, sjå video her.

Artikkel om vår unge hotellsjef i Dagens Næringsliv
Preben fikk drøymejobben alt for tidleg, les artikkelen frå desember 2013 her i Dagens Næringsliv.

Kommunal- og regionalministeren skryt av Gloppen Hotell
– Frukosten på dette hotellet går andre hotellfrukostar ein høg gang. Brødet var fantastisk, knekkebrødet òg. Eg har budd på hotell ei veke no, men ikkje ete betre frukost enn her, strålar Navarsete og gledar seg storleg over at Gloppen Hotell er ei blinkande stjerne på ein himmel der mange distriktshotell slit med å få hjula til å gå rundt.
Les heile artikkelen her.

Preben Moen blir landets yngste hotellsjef
I mars 2013 gjekk vår kjære hotellsjef Dag Moen uventa bort, og sonen Preben har no overtatt som dagleg leiar på Gloppen Hotell. Les intervju med han her i Firda om vegen vidare og alle dei spennande planane som står for døra.

Vår kjære kjøkkensjef Bodil ny Bondelagskokk 2013-2014
“Bodil er ein svært god ambassadør for norske bønder og norske produkt. Ho har allereie eit nært samarbeid med dei lokale bøndene, og viser til kor viktig det er å ha ein dialog og diskusjon for å få fram dei beste produkta landet vårt har å by på. Bodil blei vald av ein einstemmig jury og Norges Bondelag ser fram til å samarbeide med henne i dei komande to åra, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag”. 18.01.12

Vi er så stolte og glade for denne prisen, du kan lese heile saken her. Og prispengane på 100 000 skal blant anna nyttast til å skrive bok om lokalmateventyret, spekka med flotte oppskrifter- vi gledar oss storleg!

Perler i Vest
Widerøe sitt reisemagasin Perspektiv har ein flott artikkel om oss og andre perler i Vest som Åmotgarden og Knutholmen- står i mainummeret 2012. Les her.

Distriktshotell med suksess
I juni kunne Gloppen Hotell opne et flott nybygg med 24 gjesterom, konferanseavdeling og nytt kjøkken. I ei tid då det ofte kjem dystre meldingar frå distrikshotella, er det interessant at nokon satsar og får det til, sjølv om dei ligg langt frå næraste by.

Les heile artikkelen som var skriven i Hotellmagasinet

Unge Lovende i Mat fra Norge
I Januarnummeret 2013 av Mat fra Norge skriv dei om unge og lovande talent i landet, deriblant våre eigne gutar Preben og Dag Håkon, neste generasjons eigarar og drivarar av Gloppen Hotell. Preben jobbar for tida på velrennomerte Engø Gård på Tjøme som Soussjef, mens Dag Håkon fortsatt er under utdanning. Sjå den flotte artikkelen med bilder og oppskrifter. Mat fra Norge januar 2013

NRK – spøkelsa på Gloppen Hotell
19.februar 2012 hadde vi NRK og eit medium på besøk om laga sak om spøkelsa på Gloppen Hotell
Trykk her for å lese meir.

Reiselivsprisen 2012
4. februar 2012 vann Gloppen Hotell Reiselivsprisen 2012 Sogn og Fjordane og fikk fin omtale her.

Det norske måltid på TV2
Vår eigen kjøkkensjef Bodil Fjellestad og laget Vestpå henta heim seiaren i denne flotte TV-serien som gjekk på TV2 hausten 2011; les meir her.

3 siders reportasje i Dagbladet
2. november, les den her!

Matmagasinet Nord
Nydelig artikkel og bilder frå 10 siders reportasje. Artikkel frå Matmagasinet Nord
Bondebladet skriv om Bodil og satsinga på lokalmat i oktober 2010, les her.