Jubileumsåret 1866-2016

2016 var eit stort jubileumsår for Gloppen Hotell, med 150 års samanhengande hotelldrift.

Det var lakselordane frå England som la grunnlaget for drifta i forrige århundre, og framleis er den vakre Gloppenelva ansett som ei av landets aller beste for lakse- og ørretfiske.

Mykje har skjedd på denne staden, heilt tilbake til 1853, når familien Siversten for første gang starta med servering og losji på denne staden. I 1866 fekk Joakim E. Sivertsen hotellbevilling og fem generasjonar Siversten dreiv hotellet fram til 1988, då hotellet var selt ut av familien. Sidan 1994 har familien Moen dreve hotellet og ført det til nye høgder med stor utvikling av mat, konferanse og selskap.

I dag satsar vi for fullt på lokalmat med eige produksjonskjøkken og bryggeri. I tillegg er aktivitetar ein meir og meir sentral del av vår drift. Det har vore ei spennande reise, og vi vil feire i jubileumsåret med både tilbakeblikk og lansering av nye tilbod for framtida.

I anledning jubileet  komponerte vår kjøkkensjef ein eigen festmeny som vi tilbyr i spesielle høve.

I kombinasjon med alle rettane får du vår eigen jubileumsvin,  både kvit-, raud- og dessertvin.

 Jubileumsmeny

Grilla kamskjel frå Brødrene Larsen på gulrot- og ingefærpurè
jordskokkchips og nøttesmør

Gloppehjort med potet- og pastinakkterrine
ovnsbakt gulrotsymfoni og rosenkål
sellerikrem, sylta raudlauk og soppsjy

Utval av norske kvalitetsostar
heimelaga marmelade og karamelliserte nøtter

Panacotta av youghurt frå Ostegården og pasjonsfrukt
sjokoladeganache og marinerte bringebær frå Gloppen
heimelaga sorbet og valnøttkrokan

3-rettar: NOK 595,-

4-retter: NOK 695,-

Hugs bordbestilling her eller på tlf 57 86 53 33.