Kvifor bli kokkelærling?

I dag må vi kunne seie det er ei stor utfordring for mange å finne lærlingar til kokkeyrket. I Sogn og Fjordane er det mange læreplassar som står uten lærlingar framover, og no må vi som bedrifter komme på bana og snu denne utviklinga!

Bodil på sin festmiddag for alle lærlingane.

Eg har no vore kjøkkensjef på Gloppen Hotell i 9 år og har til dags dato ikkje hatt problem med å få tak i lærlingar. Til tider har vi kunna velge og vrake i søknadar av elevar som ynsjer å ta læretida si hjå oss på kjøkkenet. Men i år har også vi ein jobb å gjere for å få tak i dei beste lærlingane.
Eg sjølv valde å bli kokk når eg gjekk på ungdomsskulen. Heimkunnskap som det heitte på den tida, var eit av dei faga som inspirerte meg mest, og også det at eg er vaksen opp på god heimelaga middag og bakverk av beste sort.

Når eg starta kokkelinja i Førde på Øyrane vgs vart ikkje lysta mindre; Flinke lærarar, flott skule og godt miljø gjorde til at eg var veldig klar til 2 år som lærling i hovudstaden.

17 år gamal flytta eg til Oslo, til mor og fars store skrekk. Dette var heilt topp og til tider knall hardt. Mykje jobb, men hjelpe meg kor eg kosa meg! Desse 2 åra vaks eg voldsomt som person, vart meir sjølvsikker, (noko som eg overhodet ikkje var før eg starta), vart modig og klarte ALDRI å seie nei til noko når det gjaldt jobb og nye muligheter. Eg kunne ikkje vore dette forutan!

Så kva kan vi som lærebedrifter gjere for å snu utviklinga med låge søkjartal til kokkelinjene, og færre lærlingar tilgjengeleg?

Dei langt fleste av våre lærlingar har vore utplassert hos oss i forkant gjennom skulen og har fått læreplass etter dette. Dette har vi arbeida veldig bevisst for, då vi meiner det er så viktig å komme inn tidleg for å få opp søkjartala. Det er ikkje enkelt som 15-16 år å bestemme kva du skal utdanne deg som og arbeide med i mange år framover. Vi har difor eit veldig godt samarbeid med Gloppen Ungdomskule der elevar får komme til oss og prøve seg på kjøkkenet i skuletida. Vi er også oppe på skulen og fortel om yrket vårt og kva det går ut på.

Eg meiner det og er viktig når elevane er hjå oss, at dei ikkje kun skal vaske og skrelle poteter. Her får dei prøve seg på det meste av produksjon, legge opp mat til lunsj, selskap, bryllup og mykje meir.

Her får dei muligheten til å sjå korleis vi jobbar og vere med i dei daglige rutinene. Dette har vore avgjerande for fleire . Eit godt eksempel er Peder Støylen som skulle bli bilmekaniker og var vel heilt sikker på dette, heilt til han kom til oss på Gloppen Hotell. Då var det ingen tvil, han skulle bli kokk og slik vart det. Han er i dag ein godt etablert kokk som har jobba seg heilt opp i toppen av restaurantar i Oslo. Dette er vi både stolte og glade for å ha vore med på.

Vi har utruleg flotte skular med kokkelinje i Sogn og Fjordane, her er lærerar som kan faget sitt og skulekjøkken som mange kan drøyme om – så ingen ting å seie på dette.

Det er bare så synd at ikkje fleire velger kokk/servitør-linjene rundt om. Ikkje alle har fulle klasser og mange av elevane vel å gå vidare på påbygg når dei er ferdige, før ei eventuell læretid. Og då er det sjeldan dei nokon gang kjem i gang med læretida. Dette er ei uheldig utvikling som eg håpar lærebedriftene kan bidra med å snu.

Vi som lærebedrifter kan ikkje lenger sitte på gjerdet og vente på at elevane skal søke hjå oss, vi må ut og møte elevane våre og fortelje kvifor dei skal søke hos oss!

Her er mange fordelar og ulemper med å være kokk, men utan tvil mest fordelar! Skal ein bli kokk må ein ha rett innstilling og ville noko, det er eit yrke som krever litt av deg som person.

Du må være innstilt på helgejobb, ein del kveldar og eit tempo utan like. MEN fordelen med denne fantastiske jobben er alle gjestene og folka du møter. Ingen dagar er like og vi må ta utfordringar på strak arm. Eg trur grunnen til at eg sjølv har helde ut så mykje jobb i kombinasjon med små ungar opp igjennom åra, utan tvil er arbeidsmiljøet. Den og gleden av å glede andre med god mat og gode opplevingar. Møte kundar og gjester og fortelje om vår matglede og historie. Føle at ein svettar litt på jobb og å kunne gå heim med godt samvet når dagen er over…HERLEG!!!

Eg skal og vere heilt ærlig og seie at nokon av bedriftene som i dag er godkjende som lærebedrifter kanskje ikkje burde være det! Det er bedrifter som lærer opp elevane til å åpne posar med saus og røre ut i vatn, ta ut frosne blokker med fisk og tine opp. Dette er rett og slett ikkje greit i mine auger! Elevane må få muligheten til å verkeleg lære kva det vil seie å være ein kokk- filetere fisk, beine ut stykningsdelar av kjøt, lage gode krafter til å koke saus og supper på, lage dessertar frå botnen av.

Eg forventar ikkje at alle skal få den fordelen som våre lærlingar har med produksjonslokalet vårt, der dei får partere ned heile slakt, røyke laks, lage pålegg, heimelaga pinnekjøtt mm. Men opplæringskontora skulle kanskje hatt ei opptaksprøve for bedriftene som tar inn lærlingar?

Vi kan i allefall garantere at lærlingar som søkjer seg til oss, får ei god og grundig opplæring i å lage fantastisk mat. Og det i eit herleg latterfylt arbeidsmiljø.

Her er ein fin artikkel om korleis Mo og Øyrane vgs jobbar med nettopp dette.

Vi har spurt vår tidlegare lærling Frank og vår noværande lærling Henriette om å fortelje litt med eigne ord korleis dei har opplevd læretida hjå oss. Ta dykk tid til å lese om deira kvardag her hos oss og deira planar for framtida.

Frank skjerer ned Kveite
Frank Sanchez Guddal
Frank er frå Oppstryn og er i dag ein av drivarane bak familiebedrifta Matstova Heimebakeri med serveringslokaler og bakeri i Oppstryn, samt kafe på Stryn Torg. Frank var lærling hjå oss frå 2013-2015.

«Lærlingtida mi på Gloppen Hotell var ei utruleg kjekk og lærerik tid for meg, og eg må sei at det har vore avgjerande for vegen min vidare. Eg hugsa når eg var utplassert på hotellet når eg gjekk på vgs, at eg måtte gjere mitt beste for å få lærlingplass og heldigvis fekk eg det.  Arbeidsmiljøet var fantastisk, med kjekke og imøtekomande folk som det har vore ei glede å arbeide ilag med.

Grunnen til at eg valde denne plassen frå først av, var at dei hadde bare heimelaga mat, satsa for fullt på lokalmat, og at dei hadde eige lokale der dei produserte alt sjølve. Det har eg hatt veldig god nytte av og har lært utruleg mykje. Arbeidet eg gjorde på hotellet var ofte veldig variert, og det synest eg var veldig bra.

Frukostvaktene bytta vi på, og det var ei veldig grei ordning når vi var 4 lærlingar på det meste. Tidlig opp, men tidleg ferdig så ein fekk ein lang ettermiddag. Vakta starta då 06.00 og eg sette då ut frukosten, fylde på og prata med gjestene. Det å ha kontakt med gjestene er noko eg synest er veldig kjekt! Etterpå var det å produsere opp til neste dag og seinare i veka. Andre vakter kunne vere tidlegvakt frå 08.00, der det var å produsere opp til a la carte menyen, lage mat til lunsjgrupper m.m. Eg var også med på i produksjonslokalet, der eg hjalp til med å skjære ned  heile dyr, partere og pakke kjøt, steike kjøtkaker og mykje meir.  Her var det Dimitri som jobba, og ein veldig flink kjøtskjerar som lærte meg mykje. Seinvakta starta 15.30 og då var det hovudsakleg a la carte bestillingar, og ofte selskap med 2 eller 3 rettar.

Eg var også så heldig å få vere med på Norges Cup saman med lærling Thomas H. Smådal vinteren 2015. Vi gjekk vidare frå konkurransen i Førde til delfinale i Stavanger saman med Bodil. Ho var lagleiar og ein god støttespelar. Vi kom dessverre ikkje vidare til finalen, men det var utruleg lærerikt, og eg kunne ta med meg mykje lærdom frå dette.

Det var veldig kjekt at hotellet brukte så mykje lokalmat som dei gjorde, og endå bruker dei meir og meir. Arbeidsmiljøet har vore topp, og det har alt å seie når ein skal jobbe saman så mykje. Det har vore som ein familie nr. 2 på hotellet. Bodil er ei god drivkraft på hotellet og har vore verdas beste kjøkkensjef. Sous-sjef Kenneth Kirkhorn som eg også har jobba mykje med på kjøkkenet, har vore ein flink lærar for meg og har lært meg utruleg mykje.

Det eg aller mest har tatt med  meg heim til Matstova er fokuset på lokalmat. Vi vil gjerne bruke lokalmat så langt det er råd, og har allereie kome i gang med servering av lokal aure rett frå Oppstrynsvatnet. I tillegg har eg fått mykje inspirasjon når det gjeld kreativ oppdekking og flott presentasjon av maten på tallerken. Ulike kombinasjoner og samansetninar i menyar har også vore gull verd å ta med seg.

Planen min var heile tida å drive Matstova vidare i lag med familien min, og her er vi i full sving no. Vi har åpent kvar dag i sommarsesongen og har selskap og arrangement heile året, i tillegg til kafeen vår på Stryn Torg. I dag er vi ca 12 ansatte, og arbeider heile tida med norske råvarer og tradisjonell mat frå Nordfjord. Eg gledar meg til framtida med lokalmat og fantastiske matopplevingar i Stryn».

 blogg Henriette


Henriette Guddal
Henriette er frå Førde og starta som lærling hos oss i fjor.

«Så lenge eg kan huske har eg vore veldig glad i matlaging, og dette året har bydd på utfordningar, prøvelsar, kjekke opplevelsar og ei større lyst til å lære endå meir om kokekunst.

Kjøkkensjefane Bodil og Kenneth er veldig flinke til å prioritere oss lærlingar og dei er ikkje redd for å la oss prøve ut nye ting og motivere oss på den måten vi treng. På kjøkkenet er alt laga frå botnen og vi har ein unik mulighet med eige produksjonskjøken til å lære å beine ut både okse, lam og hjort. I tillegg fileterar vi forskjellige typar fisk, lagar alle slags herlege  dessertar og kaker, kaldmat og varmmat. Vi får også være med på å sette opp menyar til forskjellige selskap og prøve oss på forskjellige ting vi sjølv har lyst til å lære.

I februar i år reiste eg og 2.års lærlingane til La Rochelle i Frankriket i 4 veker. Her besøkte vi vidaregåande skular for kokk- og servitør og var utplassert på kvar vår restaurant. Her fek vi lære både litt fransk og mykje om fransk matkultur. Det var veldig kjekt å sjå korleis dei gjorde det på resturantkjøken i Frankriket. Dei er også veldig opptatta av lokalmat og serverar gjerne østers og anna sjømat. Dei eter også veldig mykje søtsaker. Crepe med nutella var ein slager, og anna bakverk. Så eter dei 3-retters lunsjar kvar dag, også på skulen, og middag i åtte tida på kvelden. Vi besøkte østersfarm, cognacgardar og vingardar. Og vi fekk erfare at på eit fransk kjøken er dei mykje meir seriøse, ikkje noko tull- såleis langt i frå den glade kvardagen på Gloppen Hotell sitt kjøken.

Det kjekkaste med å jobbe på Gloppen Hotell er det at kvar dag lærer ein  noko nytt. Ingen dagar er like og det er alltid nye utfordringar. Personalet har eit unikt forhold. Med kjekke kolleger er det alltid kjekt på jobb.

Snart har eg vore lærling på hotellet i 1 år, og det har vore eit lærerikt og fint år. Ser fram til mitt andre og siste år her, og er klar for å lære mykje meir innen både mat og hotellbransjen elles. Eg håpar å bli restaurantkokk og gleder meg til å reise rundt og jobbe ulike stadar, lær mykje og oppleve nye ting i den store matverda».


-Har du lyst på søkje som lærling hos oss kan du sende søknad til

bodil@gloppenhotell.no

Eller kontakte meg på 57865333 om du har spørsmål eller ynskjer å prøve-jobbe.

Gloppen Hotell ynsjer lærlingane velkommen til oss og håpar på mange mange gode og positive søkjarar.

VI TRENG LÆRLINGAR OG LÆRLINGAR TRENG BEDRIFTENE.

 

Bodil Fjellestad Eikrem

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *