Menyforslag

Er du her på konferanseopphald, kan du enten la deg begeistre av kjøkkensjefens daglege menyar, eller du kan velje frå denne menyen under om du vil det. Sjå også vår oppgraderte møtemeny, for deg som vil ha ekstra flotte råvarer under ditt opphald på Gloppen Hotell.

3-retters middag

FORRETTAR:
1. Krema sellerirotsuppe med sprøsteikt heimelaga bacon.
2. Vår heimelaga hamburgerrygg med appelsin og fennikelsalat.
3. Gloppen Hotells einerøykte laks med eple- og karrimajones og frisk salat.

Vi serverar lokalt flatbrød frå Aabrekk Gardsmat til alle våre forrettar.

HOVUDRETTAR:
1. Langtidssteikt svinesteik av lokal Edelgris med hasselbakte poteter, smørsteikt sopp, smålauk- og spisskål i raudvinsky.
2. Heimelaga hjortekarbonader med kjepølse frå Kandalen med bakt urtepotet, norske rotgrønsaker og krema skogsoppsaus.
3. Laksefilet med potet- og sellerirotmos, sprøsteikte grønsaker, sylta raudlauk og urtepesto.

DESSERTAR:
1. Heimelaga karamellpudding med krem
2. Lun eplekake med heimelaga vaniljeis.
3. Fløyterand med smak av appelsin, servert med sorbet av Gloppen bringebær.