Konferanse

Eit konferanseopphald på Gloppen Hotell…

...gjev noko ekstra. Med vår heimekoselege atmosfære og herlege lokalmat, har du den perfekte ramma for lyse idear og ny inspirasjon.
Kombiner gjerne ditt opphald med ein av våre mange aktivitetstilbod
Eller kva med å velge ein av våre fiks ferdige konferansepakkar under, enten du vil ha fokus på lagbygging, lokalmaten eller litt av alt.

KURS/KONFERANSE I JANUAR ELLER FEBRUAR? 
No har vi tilbud dersom du bestiller før nyttår!
*Bestill i november og få 20 % rabatt.
*Bestill i desember og få 10 % rabatt.

Reisevegen til Gloppen Hotell på Sandane i Nordfjord er kort og vakker:
Volda: 50 minutt, Måløy: 1 time, Stryn: 1 time, Florø: 1 time 30 minutt, Førde: 1 time, Sogndal: 1 time 25 minutt
Ålesund: 2 timar 30 minutt
Bergen: 3 timar 30 minutt
Oslo: 6 timar
NB! Fly frå Oslo til Sandane går fire gangar dagleg og tek 50 minutt!

Pakke KK Gloppenpakken

1. Gloppenpakken

Pris per person kr 1650,-
Denne prisen inkluderar:

  • 2-retters lunsj
  • Møterom heile dagen
  • Kaffi/te-pausar
  • Servering av 3-retters middag av lokale smakar
  • Overnatting i enkeltrom
  • Vår heimelaga frukost

Pakke format KK Aktriv

2. Gloppen Aktiv

Pris pp kr 2500,-
Denne prisen inkluderar:

  • 2-retters lunsj av lokale smakar
  • Møterom heile dagen
  • Kaffi/te-pausar
  • Ein aktivitet. Velg mellom lagbygging 1, 2 eller 3, guida fjelltur eller kokkekamp.
  • Servering av 3-retters middag av lokale smakar
  • Overnatting i enkeltrom
  • Vår heimelaga frukost

Pakke format KK mat

3. Gloppen Mat & Drikke

Pris pp kr 2700,-
Denne prisen inkluderar:

  • 2-retters lunsj av lokale smakar
  • Møterom heile dagen
  • Kaffi/te-pausar
  • Omvisning på produksjonskjøkken med smaksprøver eller enkel ølsmaking i kjellaren
  • Servering av 4-retters oppgradert lokalmiddag
  • Vin eller ølpakke
  • Overnatting i enkeltrom
  • Vår heimelaga frukost

Tillegg for ein ekstra dag med møterom, kaffipausar og 2-retters lunsj; Kr 325,- pp

Ein ekte Gloppen-konferanse...
- skal vere ei oppleving i god, kortreist mat og historisk atmosfære.
Med vårt rikaldige aktivitetstilbud, det rike kulturlivet i Gloppen og ikkje minst, vår gode lokale mat og brygg, skulle alt ligge til rette for eit opphald du tar med deg heim.

Kva med å kombinere din konferanse med den populære foredragsserien "Verda og Vi? Les meir her.

Treng du kultur- eller musikkinnslag under konferansen din, så har vi eit godt samarbeid med Gloppen Kulturskule og distriktsmusikarane.

Vi har ei topp moderne kurs- og konferanseavdeling, åpna i 2011. Vi kan tilby: – Top Foss konferansesal på 214 m2 for inntil 98 deltakarar i skuleoppsett – Top Foss kan delast i 3 og har takhengt prosjektor i 2 salar. Vi har også fleire mindre møterom og stover som høver godt som grupperom. Vi samarbeidar og med Trivselshagen kulturhus 2 min. unna som har plass til 300 personar.

Ring oss på telefon: 57 86 53 33 eller kontakt oss her: