Kalender

______________________________________________________________________________________________________

Julebord på Gloppen Hotell

*Kvar fredag og laurdag, frå 24.november til og med 17.desember vert det julebord hjå oss.

*Showpakke med Julelatter i Trivselshagen 02.desember.
*Familiejulebord søndag 17.desember.
*Venners-venner-julebord 16.desember.

*Stor tradisjonell julebuffet og musikk/dans i kjellaren:
Hos oss på Gloppen Hotell handlar det om den gode julematen, kanskje den aller beste. Heimelaga med lokalproduserte råvarer og tilberedt av kokkar med genuin interesse av å gje deg den beste matopplevinga. Med julepynta lokaler og fyr i peisen er julestemninga nesten garantert. Til måltidet serverer vi gjerne eit glas av vårt heimebrygga øl.

Aktivitetar:
Kva med lagbygging i naturen, ølsmaking og/eller historiefortelling på hotellet? Vi tilpassar gjerne opplegget etter ønske. 

Priser:
Julebord og dans: Kr. 645 pp.
Showpakke med julelatter, 2.desember: Kr. 895 pp.
Venners-venner-julebord 16.desember: kr 499 pp.

Overnatting ifb. julebord:
Kr 745 pp i dobbeltrom,- og kr 1250,- pp i enkeltrom, inkl vår heimelaga frukost.

Les meir her!

Velkommen!


Den store julefesten. 2.juledag

Tradisjonen tru blir det julefest på Gloppen Hotell 26.desember.
Vi åpnar 2 etasjar!

Underholdning denne kvelden:
I kjellaren blir det musikk som vanleg!
*Veit du ikkje kven som vanlegvis er her denne kvelden? – då blir dette ein hyggeleg overraskelse 😉
*Oppe i Topp Foss spelar trubadur Bent Vadset.
 
Inngang: 250kr
Alder: 18+
Dørene åpnar: 21.00
 
Meir om Bent:
Bent Vadset er en trubadur med base i Øvre Årdal. Han har holdt det gående som aktiv musiker i hovedsak som trubadur i en årrekke. Bent har erfaring med foruten trubadurvirksomhet flere musikkprosjekt som musikal-oppsettinger,danseband,rockeband og bluesband. All denne erfaringen tar han med seg som trubadur når han serverer udødelige “slegers” fra 60 til 90-tallet.
 
Velkommen til ein festkveld hos oss!

 

______________________________________________________________________________________________________

18.01.18 Verda og Vi: Tomm Kristiansen

Tomm Kristiansen er journalist og forfattar. Han er særleg kjend som utanrikskorrespondent i NRK. I to periodar har han vore NRK sin korrespondent i Afrika, og mange kjenner han som «stemmen fra Afrika». I periodar har han reist som NRK sin «verdsreportar».Han har utgitt mange bøker og fekk gjennombrotet sitt med bestseljaren Mor Afrika. Fleire av bøkene hans har fått svært gode kritikkar. I 1994 vart han tildelt Den store journalistprisen. Frå 2008 til 2010 var han kommunikasjonsrådgivar for Act Alliance i Geneve som koordinerer arbeidet til dei kyrkjelege naudhjelpsorganisasjonane i verda. Kristiansen arbeider i dag i NRKs utanriksavdeling og er fast programleiar for Søndagsavisa på P2.

Kombiner din konferanse på Gloppen Hotell med eit fagleg gløtt til verda og storpolitikken.

Pris per person kr 1975,- inkludert:
2-retters lunsj
Møterom heile dagen med kaffi og te-pausar, frukt
2-retters middag av lokale smakar
Foredrag i Trivelshagen kl 20:00
Ostefat, dessert og kaffi i salongane
Overnatting i enkeltrom
Vår heimelaga frukost

Bestilling: 57 86 53 33  eller booking@gloppenhotell.no

______________________________________________________________________________________________________

15.02.18. Verda og Vi: Erik Tandberg

Erik Tandberg er utdanna sivilingeniør. Han er først og fremst kjend som romfartsekspert med stor kunnskap om alle romfartøy som vert skotne opp, kva oppgåver dei har og kva dei gir oss av ny viten om universet. Erik Tandberg vart landskjend då han kommenterte månelandinga til Apollo 11 på NRK  i 1969. Seinare var han i ei årrekkje NRK sin faste bidragsytar og kommentator når romfart var tema. Han er kjend som ein kunnskapsrik og entusiastisk formidlar og har fått NRK sin lyttarpris. Tandberg er no pensjonist, men er framleis nytta som foredragshaldar der temaet er romfart.

Kombiner din konferanse på Gloppen Hotell med eit fagleg gløtt til verda og storpolitikken.

Pris per person kr 1975,- inkludert:
2-retters lunsj
Møterom heile dagen med kaffi og te-pausar, frukt
2-retters middag av lokale smakar
Foredrag i Trivelshagen kl 20:00
Ostefat, dessert og kaffi i salongane
Overnatting i enkeltrom
Vår heimelaga frukost

Bestilling: 57 86 53 33  eller booking@gloppenhotell.no

______________________________________________________________________________________________________

27.09.18. Verda og Vi: Hege Moe Eriksen

Hege Moe Eriksen er utanriksjournalist i NRK, og har sidan 2014 vore programleiar i NRK Urix. Ho budde i Jakobsnes i Finnmark, eit par kilometer frå den norsk-sovjetiske grensa, til ho var 11 år, flytte til Frankrike som 16-åring og gjennomførte vidaregåande skule i Lyon. Deretter budde ho to år i Spania. Moe Eriksen har studert spansk og fransk, i tillegg tok ho arabiske studium ved Birzeit-universitetet i Ramallah. Frå 2010 til 2013 var ho NRK sin korrespondent i Brussel, med ansvar for å dekke EU, NATO og store delar av Vest-Europa.

Kombiner din konferanse på Gloppen Hotell med eit fagleg gløtt til verda og storpolitikken.

Pris per person kr 1975,- inkludert:
2-retters lunsj
Møterom heile dagen med kaffi og te-pausar, frukt
2-retters middag av lokale smakar
Foredrag i Trivelshagen kl 20:00
Ostefat, dessert og kaffi i salongane
Overnatting i enkeltrom
Vår heimelaga frukost

Bestilling: 57 86 53 33  eller booking@gloppenhotell.no

______________________________________________________________________________________________________

25.10.18.Verda og Vi: Henrik Syse

Etiske verdier i en verden i rask forandring.
Henrik Syse er utdanna filosof. Han er seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (PRIO) og professor ved Bjørknes Høyskole. Fagleg har Syse arbeidd med politisk filosofi, rettsfilosofi og moralfilosofi, og han har gitt ut ei rad bøker både om desse og andre tema. I 2015 vart han vald som medlem av Nobelkomiteen. Han var medlem av Verdikommisjonens sekretariat 1998 – 2001 og medlem av Pressens faglige utval (PFU) som representant for allmennheita 2002 – 2016. Syse er og aktiv i kyrkjeleg samanheng som søndagsskulelærar, andaktshaldar og skribent. Han arbeider for tida deltid som foredrags – og kurshaldar, er aktiv i samfunnsdebatten og er ein mykje nytta foredragshaldar.

Kombiner din konferanse på Gloppen Hotell med eit fagleg gløtt til verda og storpolitikken.

Pris per person kr 1975,- inkludert:
2-retters lunsj
Møterom heile dagen med kaffi og te-pausar, frukt
2-retters middag av lokale smakar
Foredrag i Trivelshagen kl 20:00
Ostefat, dessert og kaffi i salongane
Overnatting i enkeltrom
Vår heimelaga frukost

Bestilling: 57 86 53 33  eller booking@gloppenhotell.no