Juleførebuingar

Årets juleribber kan no kjøpast på hotellet!

Juleførebuingane startar tidleg på hotellet. I tillegg til å ta imot x antal heile hjortar og klargjere desse til haustmenyen vår, har  Dimitri på Fjordameny jobba på spreng for å klargjere juleribbene og lage opp sylteflesk . Det er litt av ein kapasitet denne mannen har. Snart kjem også dampepølsene for sal.

200 lam, av beste kvalitet, blir til 400 sider.  Alle dyr levarast med lokale merkelappar og heile prosessen skjer på huset. Dimitri saltar sidene før han heng dei til tørk på det gamle stabburet i bakhagen. Pinnekjøttet får du kun kjøpt i resepsjonen på Gloppen hotell. Ferdig kappa og klart til å vatnast ut(over natta i ca 14 timar), før det dampast og nytast. Ribbene får du også smake på årets julebord på hotellet. Når gjesten seier at det er like fantastisk som mor sitt pinnekjøtt, då har vi lukkast 🙂

Våre lokale leverandørar av lam: Frode Fjellestad, Rune Gimmestad og Olav Fuglestrand.

Velkomen innom for årets juleribber eller bestilling av årets julebord.

Det bryggast i kjellaren.

I kjellaren bryggast det øl frå vårt eige mikrobryggeri. Gloppen Brygg høyrer med i julebordsesongen på hotellet. 3 ulike typar: Jubileum 150, KS Kristianiafjord og Gloppetauser.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *