Julebord

På Gloppen Hotell er det lokalmat det handlar om- den aller beste. Alt som serverast på julebuffeten er lokalt og heilt heimelaga.

Saueribbene kjem frå bygda, av lam som kjem rett i frå fjellbeite. Vi saltar og tørkar sjølv i vårt stabbur frå 1829. Vi får edelgris levert frå Fjellbygda. Av desse lagar vi ribbe, sylte, skinker og mykje meir. Kålrabien til stappen får vi frå Vereide. Fisken kjem frå Kalvåg. Pølsene er også heimelaga og består av hjort, svin og får. Alle salatar og pålegg på kaldmatbuffeten er eigenprodusert. Og dessertbuffeten bugnar av heimelaga kaker, konfekt og mykje mykje meir.

Her er menyen vi lagar til julebuffeten, velkomen til eit herremåltid du seint vil gløyme!

Vi byr på julebord og dans kvar fredag og laudag frå 24.11 til 17.12. 

25.november til og med 15.desember: Pris kr 645,- for vår store julebuffet etterfulgt av dans i kjellaren.
24.november og 16.desember. Pris kr 499 for 2-retters julemiddag etterfulgt av dans i kjellaren. 

Overnatting i forbindelse med julebord kostar kr 1250,- pp i enkeltrom og kr 745,- pp i dobbeltrom.
Inkludert vår gode julefrukost med heimelaga sylteflesk, leverpostei, sild, rugbrød og røykelaks. Og mykje meir.

SHOWPAKKAR OG PROGRAM

Showpakke: Julelatter

02.12: Dr. Bergland bryter taushetsplikten. Ein god latter forlenger livet! Kombiner med julebord og etterfest hos oss.

Snart utsolgt: Oslo Gospel Choir

15.12 Det er få ledige billetter til Oslo Gospel Choir, og billettane kjøper du på www.trivselshagen.no
Kombinerast fint med julebord og dans hos oss.

familiejulebord

17.12: Familiejulebord

Denne dagen vert det familiejulebord til rabatterte prisar og juleverkstad for barna.

lagbygging pakke julebord

Aktivitetspakke: Lagbygging på Folkemuseet

Kombiner julebordet med ei frisk lagbygging ved det idylliske folkemuseet, like bak hotellet. Varmande drikke på bålpanne og gode opplevelsar i lag.

Aktivitet: Ølsmaking

Før julebordet har du høve til å være med på ølsmaking i vår historiske kjellar.

De får smake tre ulike øltypar frå vårt eige brygg, Gloppen Brygg. Vi har både blonde, dampøl og APA å tilby, saman med litt spekemat og god informasjon om korleis ølet vert til. Ei lita omvisning i  Norges kanskje minste mikrobryggeri høyrer også med.

Pris per person kr 195,-

Matkurs med Bodil

Vår dyktige kjøkkensjef held matkurs før julebuffeten 8. og 9.desember.
(andre datoar kan også forespørrast)
Pris kr 249 pp