Haustgleder


I dag er dagen, haustens a la carte er klar! Og den er som alltid eit absolutt høgdepunkt i det gastronomiske året. Ferske lokale grønsaker, frukt, lam og hjort pregar heile menyen. På bildet over ser de  sjølve krona på verket; lammeskank braisert i raudvin med potet-og kvitlaukspuré, sylta lokale kantarellar, lokale betar frå Hauge og smørsteikt jordskokk.Hjorten kjem i ein akevittgrava variant. Servert som forrett og kombinert med hasselnøttpesto, sylta lokale kantarellar, rugbrødkrutong og blåbærrømme.

Kokkelaget og alle servitører var på plass for å prøvesmake heile menyen. Her gjeld det å følge nøye med på korleis den skal presenterast, og kor alle råvarene kjem i frå. Her ser de pannesteikt Jølsteraure frå Finn Årdal. Den serverast med krema økologiske speltperler med haustsopp, eplesmørsaus,
bakte lokale betar og sprøsteikt lauk.

Hjort er vår beste festmat og høyrer alltid med på haustmenyen. Som hovudrett serverar vi hjorten i lag med rosmarinpotet, krem av selleri frå Hauge, sopp, rosenkål, sylta lokale betar, sprø lauk og solbærsaus. Og vi takkar hjarteleg alle våre lokale jegarar som er så kjekke å levere fangsten sin til oss. Kvit fisk er veldig populært på våre menyar. Det er faktisk noko av det som går mest av i restauranten på kveldane. Vekas kvite fiskefangst vert krydra med nøttesmør med tomat og salta mandlar, råmarinert reddik, raudlauk, potetkrem med spekepølse frå Tind og lokale urter.Planlegging, detaljar, fokus- her gjeld det å halde tunga rett i munnen.

Og så var det dessertar- det heilt nødvendige punktumet på ein kvar festmiddag….Sjokoladekaka er bare best. Den må heilt enkelt være med på menyen. I haust serverar vi sjokoladefristelsen mørk og saftig, med bringebærgelé, marinerte Gloppen bringebær, lakrissirup og lakrispulver.Som ei rosa øy flyt vår heimelaga sorbet rundt i ei herleg gul vaniljesuppe. I tillegg får du smørbukk, brente mandlar og lokal Attåt eplelikør.Amalie følger ivrig med på pappa sin kunstferdige pynting av desserten. Her er Henry og Trond sin yoghurtpannacotta. Servert med peanøttcrumble, kompott av lokale plommer,
plommesorbet og peanøttsaus.Nydeleg fotovær var det også i dag på Sandane. Både vi og turistane knipsa bilder i ett sett.

Hjarteleg velkomne til Restaurant Stovene for våre haustnytelsar. Du kan sjå heile menyen her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *