Restaurant Stovene

Vi er veldig stolte når vi ynskjer deg velkomen til vår «historiske» restaurant. Vi har høge ambisjonar og kan love deg ei matoppleving både til kvardag og fest.

Etter å ha vore gjest hos oss på Gloppen hotell skal du skjønne at det er noko heilt spesielt med lokal mat frå Nordfjord. Hos oss er maten frå bygda, fersk, rein og utan tilsetningsstoff.

Kjøkkensjef Bodil Fjellestad og Gloppen Hotell har fått fleire prisar for lokalmaten. Blant anna Ganefart, Norges beste spisested langs veien.

Åpningstider Restaurant Stovene:
Mandag til laurdag: 13:00-22:00
Søndag: 13:00 til 20:00 (22:00 i sommarhalvåret).

Gloppen Mat er Gloppen Hotell sitt eige produksjonskjøkken og er saman med Gloppen Brygg eit av hotellets tre stolte kjerneprodukt. Produksjonskjøkenet er plassert like bak hotellet, og her mottek vi råvarene frå våre fantastiske produsentar rundt om i kommunen, dei fleste under 3 km vekke frå hotellet. I tillegg til utsal i resepsjonen, leverar Gloppen Mat til utvalde hotell og lokalmatutsalg på vestlandet.

Sjå bilder og informasjon om våre kjekke produsentar i galleriet under.
Alle foto: Ronny Solheim, henta frå vår kjøkkensjef si kokebok, Bodils Spisskammers.

Ei reise i lokale smakar

Våre råvarer har ei lokal adresse! Dei er fiska i fjorden, jakta i fjellet eller produsert av våre lokale entusiastar – lokale bønder og produsentar med sans for kvalitet i alle ledd.

Vi tar imot heile dyr frå over 16 lokale bønder, fiskarar og jegarar. Så blir desse gode råvarene vidareforedla til ei rekke produkt.

• Hjortekarbonader, hjortekaker, hjortemør, kjøttkaker og heimelaga bacon
• Einerøykt laks, biffar og filetar
• Salta/røykt svinkeknoke, stabburstørka pinnekjøtt, julepåleg, lokal svineribbe og dampepølser.
• I tillegg til pålegg, pølser/farser og fisk kan vi levere alt av stykningsdelar på bestilling.

Sjå Preben lage speketallerken