Gloppen Brygg

Gloppen Brygg er vårt eige mikrobryggeri i kjellaren på hotellet. Her står 2 store 500 liters tanker med vårt eige brygg til ei kvar tid. Preben og Dag Håkon Moen, brødre og eigarar av Gloppen Hotell, er dei som står for brygginga av vårt stolte øl.  Preben tok ølkelnereksamen i 2013, like etter han tok over hotellet, og er ein av kun 70 ølkelnarar i Norge.
Espen Lothe i Kinn Bryggerier har hjelpt  Preben og Dag Håkon i gang med brygginga og brygget har raskt blitt ein stor suksess. Kun tilgjengeleg i hotellets restaurant Stovene eller Kjellaren pub.

Vi arrangerar ølsmaking, både som enkeltståande aktivitet, og enklare versjonar i samband med julebord. Vi har også ølfjøler med alle typane brygg på vår haust a la carte med god spekemat til.

Vi har 3 ulike brygg; Jubileum 150, KS Kristianiafjord og Gloppetauser.

150
Navn: Jubileum 150

Type: American Pale Ale
Alkoholprosent: 4,7 %

Fyldig og frisk øl, produsert i anledning vårt 150 års jubileum.
Gloppen hotell har  i å hatt samanhengande drift sidan 1866.

American Pale Ale er den amerikanske versjonen av den britiske pale alen, men tilsatt meir humle. Lett, fruktig og anvendeleg til alt frå krydra sjømat til gryterettar.

Damp Navn: KS Kristianiafjord
Type: Dampøl
Alkoholprosent: 5,5 %

Godt og lyst matløl med duft av honning.
Dampøl er historisk produsert for å tåle overfarten på Atlanterhavet til Amerika. Oppfunnen av tyske immigrantar til California på 1800-tallet. Det var vanskeleg å skape kjølige nok gjæringsforhold,  derfor utvikla dei ein gjærtype som kunne gjærast i romtemperatur, dvs som ein ale.

Dampøl er noko mørkare enn pils, og gjerne meir fruktig. Kallast for California Steam Beer.

Gloppetauser
Navn: Gloppetauser

Type: Blonde
Alkoholprosent: 4,7 %

Belgisk enkel og frisk øl med mykje aroma.
Lys belgisk ale eller Blonde er overgjæra øl frå Belgia, lys i fargen og lett i smaken. Den belgiske ølkulturen har hatt friare bruk av ingrediensar som krydder, andre malttypar og sukker. Dette gjev ofte eit meir alkoholsterkt øl utan maltsmaken.

Blonde ale er ofte lettare å drikke for dei som ikkje er vant til dei mørkaste øltypane.