Framtida er spennande, ikkje farleg!

Då var eg igjen bak skjermen. Det er ikkje her eg trivast best, men eg likar å dele mine tankar og verdiar. Ikkje for at eg trur eg alltid har rett, men for å få ei kjensle av kva folk rundt meg tenker om saker og ting, og om tida er rett for våre idear.

Eg nevnte i sist blogginnlegg at vi tenker på miljø og at vi ønsker å bli bedre. Eg har ikkje gløymt det,  eg har heller ikkje lagt det frå meg. Men tenker på om vi skal satse på å bli best på det grøne skiftet. Vi på Gloppen Hotell jobbar litt etter ein fin regel;  Vi velger kampar vi skal gjennomføre. Det er ikkje alltid kjekt med forandring, men det er heilt nødvendig skal vi klare å utvike oss og vokse. Om vi stagnerar, forvitrar vi på sikt, og vi er heilelag 1 tida nøydde til å tenke nytt.

Det grøne skiftet og økologi er sentralt for tida vi lever i, og det skulle bare mangle at ikkje vi som samfunnsengasjert hotell gjer det vi kan for å bidra til å skape positive endringar. Slik at også vi kan ha ei meir bærekraftig drift.

Vi er så umåteleg heldige som har Bodil Fjellestad med teamet sitt på kjøkkenet, eit stjernelag. Og så er vi så heldige som har 36 bønder, lokale mat- og drikkeprodusenter tilknytta hotellet, nokon lengre vekke enn andre, men dei aller fleste i Gloppen. Dette gjer meg så glad og så veldig stolt- i dette ligg det mange gode verdiar.

Det har vore ei reise for oss alle- tøffe tak, mange timar jobb og masse glede! No er vi i endring igjen, klimaet er på agendaen! Det er mange meininger og synspunkt ute å går, nokre er ekstreme den eine veien, mens andre fornektar heile saken. Men realiteten er jo at vi alle må ta litt ansvar, og at vi må ta ansvar etter evne. Vi må ha det med i tankane når vi planlegg framtida. Vi lar ikkje frykten for endringar stoppe oss, ikkje nålag 2r det gjeld noko så viktig.

Før vi kan komme oss vidare i dette grøne prosjektet, vil vi finne ut kor langt vi er komne. Det er jo ingen hemmelighet at Gloppen Hotell sitt hjortekjøt som kun har vore frakta i frå skogen av jegarar og kjørt maks 2 mil, er meir bærekraftig enn ein økologisk hjortefilet frå New Zealand.  Vi har også likt tanken på at oksekjøtet, som berre er ein kjapp tur til Nortura i Førde, før det kjem tilbake til oss for mørning og pleie av Bodil, er meir bærekraftig enn økologisk kjøtt fra Danmark eller Tyskland. Men dette vil vi teste, dette vil vi ha klare tal på. Og tenk, tenk om vi kunne fått økologisk kjøt frå lokale bønder som må ta den lille turen til Førde og tilbake. Då har vi komt litt lenger med tanke på bærekraft. Prisen er vi villig til å betale!

Ureist

No er det jo slik at vi får inn masse gode produkt som brennevin, grønnsaker, frukt, bær og kjøtt frå våre gode produsentar. Vi har ikkje planar om å slutte med desse, men forske meir på korleis vi saman kan jobbe i tråd med det grøne skiftet. Vi håpar våre produsentar vil være med oss å vegen og at vi kan være stolte ambassadørar for kvarandre, utvikle oss vidare og skape ting i lag. Det er no ein gang sånn at det blir produsert alvorlige mengder med mat i Gloppen, og det er vi alle i Gloppen avhengige av. Vi lever i eit mat-mekka, som vi må ta vare på. Det Bodil gjer på kjøkkenet med å bruke utelukkande lokal mat er jo heilt naturlig og ei sjølfølge for ho, men ein heilt unik ting sett på landsbasis. Og no vil vi gå endå lengre 🙂lag 3

CO2

Vi har lenge planlagt og tenkt, det er slik når ein jobbar med forandring, må ein heile vegen tenke på nye måtar. Det er krevjande, spennande og ikkje minst kjempekjekt. Vi har landa på at vi burde bli ein av dei første til å finne ut kor vi står når det gjeld utslepp. Vi vil vete nøyaktig kor mykje CO2 utslepp det er på 1 kg med kjøtt frå Fjellbygda i forhold til ein gris eller eit lam som er køyrt frå Lofoten til hovudlageret i Oslo, for og deretter køyrast til Bergen, så Førde og til slutt Sandane. Kor mykje utslepp det er per kilo hjortefilet frå New Zealand i forhold til ein vill skåten hjort i frå Hyen eller Myklebustdalen.

Det er så spennande og tenke på slike ting, at eg ynskjer å engasjere folk og forskarar på saken. Tenk om vi i Gloppen kunne skilta maten på butikken lokalt at vi er det den første matdestinasjonen som har merka CO2 utslepp på den lokale maten vår?

Vi har no vedtatt eit pilotprosjekt som skal gjennomføre CO2-måling av all mat vi serverar.
Vi gler oss til å sjå resultatet.
Dette blir vårt store samfunnsengasjement i tida framover.

Lokal handel

Det er mykje bærekraft i å handle lokalt, og det beste av alt; vi er alle villige til å betale for nettopp dette. Både for smaken, tradisjonane og bærekrafta. Vi er stolte av våre landbrukstradisjonar, verdien av jakta i skogane og dei lokale fiskarane i Kalvåg. Vi vil være med på å bygge samfunnet vidare, være med i kampen om dei viktige sakene.

Vi gledar oss til å ta fatt i dei viktige sakene internt og eksternt og forbereder oss samtidig på ein ny hektisk høgsesong på hotellet. Denne gang med nyoppussa historiske rom, økonomirom og felles areal. Håpar folk set pris på dette og kjem på besøk. Vi er her alle for å ynskje velkomen til eit Gloppeneventyr.

Med alle gode ynskje om ein fantastisk sommar, den er her straks 🙂

Selfie brødrene MoenHusfar Preben Moen – her med den andre husfaren, bror Dag Håkon.

 (Bilder av våre fine produsentar tatt av Ronny Solheim) (Meir info om dei finn du her)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *