Dei største gladane i 2017 er eit sterkt team

Hei.

Ei stund sidan eg har blogga,  men her kjem rapporten om året som gikk og no er vi alle godt i gang med 2018. Spennande tider, med ein pangstart.

Det å holde ut med nye og spennande utviklingar i ei bygd er ikkje alltid lett. Det er heller ikkje ein jobb du gjer åleine. Den må gjerast saman. Det er sjølvsagt ikkje berre å gje fri slipp, det må være ein tydelig leder som gir beskjed om kva utvikling som er ønskelig. Det skal eg være. På godt og på vondt.

Men det som er så artig med mitt team, ikkje berre er dei forståelsesfulle og gode, dei er fulle av respekt for kvarandre. Dei forstår, dei skjønar og dei gir beskjed. Dei er for meg familie.

2017 har vært nok eit år med omsetningsvekst og teamspirit.

Vi starta 2017 med eit smell, vi mista 2. juledagsfesten i romjula 2016, og januar/februar skulle bli dei dårlegaste månedane mine på hotellet på 4 år. Om knappe 2 månader er det 5 år sidan eg tok over. Og eg tenkte med meg sjølv at kruttet var ute. Men etter litt kvile etter eit hardt 2016, satte vi ny kurs for året 2017. På ei samling med heile kompaniet blei det god stemning og gode idear kom fram. No gler eg meg til og gjere det samme, med 100 000 kr til studietur, fest, teambuilding og kjærleik. Skal vi bygge hotellet vidare også i 2018. Vi treng ikkje bli så mykje større. Det er det andre aktørar som kan strekke seg etter. Vi skal være Gloppen hotell. Vi skal reindyrke det vi trur på, dei verdiane vi har. Endten vi gjer det åleine eller vi gjer det med ein gruppering. Vi er vertfall gode på det vi gjer. Og vi ønsker å bli enda bedre.

Ny administrasjon:

Vi har endra heile ledelsen og administrasjonen på hotellet. Med skrekk og dårleg søvn gikk eg og hotellsjefen inn i ein prosess som var tøff, men heilt nødvendig. No fremstår den interne kommunikasjonen bedre enn nokon gong. Det er klart at vi treng forbedringar heile tida, men vi har aldri vært så godt på veg som no. Tøffe prossessar gir som regel dei beste uttellingane.

Vi som alle andre må jobbe smart. Det er vi utrulig godt igang med. Det har aldri vært større forståelse i teamet enn no, på at endringar og nye arbeidsmetodar er viktig. Det gjer meg glad og stolt, det er ikkje alle som lykkas med det og det er ein grunn til at selskap og konsept blir historie. Alt treng finpussing og endringar.

Høgde punkta for 2017 er vekst, opppussing, teamwork og lærlingar.

Eg kan ikkje seie anna, enn at 2017 er det største oppussingsåret, nokon gong. Vi har dei siste år brukt fleire millionar i opppussing. Det gledar oss. Dette fortsetter i 2018, det blir eit spennande år, med spennande utvikling for å nå målet, målet eg satt når eg tok over hotellet i 2013. Ein netto omsetning på 28,5 millioner kr i året før 2020. Første året var vi på 20,3 millionar (2013) i 2017 kan vi skilte med 27,5 millionar netto omsetnad. Så vi ligg godt føre ruta mot 28,5 million, viss vi fortsett vil vi nå 30 millionar netto i 2020.

Det hadde vært utruleg kjekt. Men det står eit team bak sukssesen og teamet skal ha all heider for at vi no har komt oss på eit nivå som er stabilt og godt. Eg ser også at det samme teamet kan være med og nå nye høyder. Det er ein flott ting. At passasjerane på Gloppen hotell sin teambuss er fylt med ansatte som har stor verdi for selskapet vidare. Det kunne jo vært verre! 😋 No sitt vi og ser på teamet, og ville ikkje det vært foruten nokon! Det er eit godt grunnlag.

Oppussing. 

Heile den historiske fløyen har fått nye tapetar, nye gulv, senger, tv og no startar vi på bada. Det er ein glede å kunne ha med seg ein bank og ansatte på å prioritere opppussing så høgt som vi har gjort no. Det er ikkje tvil om at det har kosta oss og at vi har vært nødt til og prioritere.

Over dei 2 siste åra, har vi oppgradert 13 badrom, vindu på ein heil hotell fløy, 37 nye senger, 37 nye tvear, 27 nye lydtette dører, nye tepper og gulv i korridorar og på alle dei historiske romma, nye tapetar og møblar på over 24 historiske rom.

Alle dei historiske romma for også ein person eller karakter. Irene sitt rom, er ein heider til mor. Dag sitt rom er ein heider til far, slik går det med alle 24 historiske romma.

Vi gledar oss til og fortsette med dyrkinga av gode historier og opplevelser for våre gjestar. Vi skal være litt annerledes.

Teamwork makes dreams work! 

Teamwork er heilt avgjerdane for å drive eit lite distriktshotell. Vi har eit team som er familie. Vi gret ilag, støttar kverandre og byggar ein draum i lag, om og bli best. Det er nokon som har større eigarskap enn andre, men eg er glad for alle sin innsats! Vi jobbar for felles mål, og vi jobbar for og utvikle hotellet, samfunnet rundt oss.

Det hadde rett og slett ikkje gått uten teamspiriten, derfor gler eg meg til og bruke 100 000 kr på firma tur. Studietur til Røros, Trondheim og Valdres. Vi skal felles skape framtida til Gloppen hotell. Det gler eg meg til og være med på saman med teamet.

Lærlingar. 

Lærlingar har for oss vært ein viktig verdi. Det skrivast om at kokker manglar, det er umulig og finne lærlingar osv.

Vell “Excuse us” Vi hadde ikkje nok plassar til alle lærlingane i fjor. Vi sente lærlingar vidare til Alexandra i Loen. Vi fylte opp alle lærling plassane og vi har til og med kjøpt eit eige lærlinghus! der lærlingane skal få danne seg nettverk, der dei skal få bygge relasjonar til kver andre og få støtte. Sist men ikkje minst at dei ikkje skal være einsomme. Det er viktig for oss å forebygge at lærlingar fell i fra. Det er derfor alltid ein sorg for oss om vi mistar ein lærling. Det er aldri ønskelig.

Nordfjord opplærings kontor er ein av dei artigaste tinga eg nokon gang har vært med og forme. Vi har gått i frå å være lærlingane til Stryn kommune til og få med både Gloppen kommune, Eid kommune, Gloppen hotell, Alexandra hotell, Nordfjord kjøtt, Brødrene AA, Stryvo Stryn, Ekornes, Nomek, Nordvest vinduet, vendanor, Skogstad Sport, Rema 1000 stryn, Alle Coop butikkar i Nordfjord, Joker Loen, Sport1 Stryn, Eid VGS, Stryvo Bismo, Stryn bedriftsbarnehage, Gardit låseservice Eid.

Alt dette på 2 år. Det er ikkje berre heilt unikt. Men fantatisk!! Vi er stolte over at Nordfjord har fått sitt eige Opplæringskontor som lever i beste velgåande med flotte og spreke ansatte. Der vi jobbar med kvalitet å dyrke flotte lærlingar. Der vi skal få lærlingar til og bli i Nordfjord og starte si framtid i ei god og framtidsretta bedrift med eit nyskapande og godt opplæringskontor.

Det beste som har skjedd oss i 2017 var at vi bytta opplæringskontor frå eit utdatert og kjedelig eit, til Nordfjord opplæringskontor! Det har gitt lærlingane og Gloppen hotell eit ønske om og satse på Nordfjord som verdas beste lærlings region!

Visit Nordfjord satte standaren for korleis Nordfjord burde formast.

 

Av ein stab på nærmare 30 ansatte. har vi 8 lærlingar!

Det er ikkje alle som har så mykje lærlingar, det er vi stolte over.

Ivertfall når dei leverar så godt som våre kjære lærlingar gjer. Olin Briksdal blei årets ansatt på julebordet rett før jul. Ho er Reiselivslærling, og har hatt ei heilt fantastisk utvikling siste året! Utrulig artig og følge henne!

3 av 3 kvalik plassar til NM i kokkefaget fikk Gloppen hotell. Vi stilte med 3 og takk alle 3 pall plassane! Det er utrulig kjekt og vi gledar oss til og utvikle lærlingane vidare. Vi reiser også for og delta i Norges mesterskap i resepsjonsfaget! Simon Kvile frå Breim som vi fikk overbevist om og bli igjen og ikkje reise til Oslo. Skal for andre gang i ilden i Norges mesterskap. Det er utrulig kjekt! og en utrulig prestasjon av Simon! Vi gler oss til NM om knappe 2 uker!

Lærlinghuset.

Kokkelærlingane våre! Trond, Matias og Ronja! Alle kvalifiserte til NM i Stavanger.

Simon Kvile. Skal delta i NM for resepsjonslærlingar.

 

2018 blir eit spennande år. Eg skal blogge vidare om 2018 i neste innlegg! 😀 Først skal eg komme meg heim med ei surprise eg trur folk og teamet kjeme til og like! 🙂

Takk for eit givande 2017.
Vi gler oss til og møte dykk i 2018.

Beste helsing:
Teamet og husfaren Preben.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *