Bryllup

-ei romantisk oppleving i historisk sus med lokale smakar

Velkomen til feiring hos oss!

Her kan du kjenne historia i veggane, samle dine gjester og være trygg på at denne dagen er du i sentrum, og at alt, heilt ned til detaljane, er tatt hand om.

Å feire bryllup på Gloppen Hotell er å skjemme bort deg sjølv og dine gjester. Vi serverar rom med atmosfære, idyllisk hage og store matopplevingar frå vårt prisbelønte kjøken.
Vår matfilosofi er enkel og velkjend; Lokal, heimelaga og nydeleg mat.
Vi set saman dagen heilt etter dykkar ynskjer.

De kan lese om bryllaup på bloggen her.

Vi har laga til nokre forslag som kan sette tankane i sving og prosessen i gang.

Grunnpakke

3-retters festmiddag og lokale
Oppdekking og servering
Gåverom
Kvit lys, dukar og tøyserviettar
Gratis bruderom frå laurdag til søndag.
Heimelaga frukost.

Kr 655,- pp

 

Eventuelle tillegg: 

Kvite universaltrekk i stretchkvalitet kr 30,- pp
Aperitiff med alkohol kr 75,- (alkoholfri eigne prisar)
Frukt og snacks ved ankomst: kr 45,- pp
Nattmat etter avtale med kjøkkenet.

Ynskjer du å ta med eigne kaker, set vi det lekre kakebord og serverar kaffi til.
Dette kostar kr 85,- per person for middagsgjestar.
NB! Hugs at kakene må være ferdigstilt når dei vert leverte til oss.

Prisar for kaffigjestar som ikkje har vore på middag kr 150,- pp

Desse prisane inkluderar oppdekking, kaffi og servering.

Rabatt på overnatting:
Enkeltrom: kr 1250,- Dobbeltrom kr 1490,-
Det er mulig å halde av rom til gjestar fram til 1 mnd før bryllaupsdagen.

Anna informasjon:
Vi kan ordne blomstar ved tillegg i prisen, eller de kan halde dette sjølve.
Vin til maten set vi opp forslag til og budsjett samarbeid med de som skal gifte dokke.
Drikkepakkar uten alkohol tilbyr vi også til maten ved ynskje.
Vi lagar eigne tilpassa barnemenyar.

Ta gjerne kontakt med oss for å avtale eit møte:

Bodil Fjellestad Eikrem bodil@gloppenhotell.no Tlf: 95898220
Terese Honningsvåg Kirkhorn terese@gloppenhotell.no Tlf: 90515536

 

Fotograf: Iris Engen Skadal

Uforgløymeleg helg

Helga 4.-6.juli 2014 kjem vi aldri til å gløyme! Frå første møtet med hotellet i 2013 var vi fast bestemt på at dette var staden vi skulle feire kjærleikens dag. Med den historiske stilen og fine lokalar passa dette oss perfekt. Vi vart møtt med ein service vi ikkje hadde opplevd før. Etter mykje planlegging og tett dialog kom gjestane til hotellet fredagskvelden for fest i hageteltet. Hotellet var pynta og hotellet hadde laga til eit felles måltid. Slik vi opplevde det arbeidde heile staben på hotellet for at alt skulle vere klart og bli perfekt for bryllaupsfeiringa. Hotellet levde verkeleg opp til sitt gode rykte med god lokalmat, og gjestane var veldig fornøgde. På sjølve bryllaupsdagen hadde hotellet full kontroll med alt vi ynskte å gjennomføre.

Tusen takk for at vi vart så godt mottatt og for at de var med på å gjere dagen uforgløymeleg. Minna gøymer vi i hjarta våre!

- Stian og Malene

Fotograf: Brian Cliff Olguin

Fantastisk bryllupsfest

Vi hadde en fantastisk bryllupsfest på Gloppen hotell 28.juni 2014! Vi falt i utgangspunktet veldig for det historiske suset som hotellet har og fokuset på lokal mat og gode råvarer. Underveis i planleggingsfasen opplevde vi at det var veldig lett å samarbeide og at vi sto helt fritt til å utforme alt slik vi ønsket det selv. Gloppen hotell var veldig imøtekommende i forhold til alle forespørsler vi måtte ha. På selve bryllupsdagen var det veldig deilig å lene seg tilbake og kjenne at noen hadde full kontroll over alt det praktiske. Maten, omgivelsene og servicen var utrolig bra. Å legge bryllupet vårt til Gloppen hotell var en viktig faktor for at vi fikk den flotte festen som vi fikk!

- Gunhild

Fotograf: Tiril Hjelmeland

Tusen takk!

Då vi leitte etter ein stad å feire bryllaup leitte vi etter ein stad som legg vekt på mat og råvarer frå øvste hylle. Vi vart tipsa om Gloppen hotell, og forstod vi raskt at dette var staden vi leitte etter. Både lokalet, maten, omgjevnadane og staden fall i smak. I planleggingsfasen fekk vi god hjelp frå hotellet. Dei var veldig fleksible og løysingsorienterte. Bryllaupsstaben på hotellet hadde god kontroll, og på sjølve bryllaupsdagen kjende vi at vi kunne slappe av. Hotellet gjennomførte oppgåvene sine på ein veldig god måte. Vi valte å ha festen i teltet framfor hotellet, og pynta hadde ein flott hagefest. Kjøkkensjef Bodil garanterte sol, og sol vart det! Vi vil takke Gloppen hotell for å vere med å gjere bryllaupsdagen vår til ein fantastisk dag!

- Ragnhild og Helge

Den perfekte bryllupshelg

Når vi bestemte oss for å gifte oss på Sandane, var Gloppen hotell eit naturleg valg for oss.
Både med ein flott beliggenhet og gode tradisjonar, har hotellet alt vi ynskja oss for å vise fram heimstaden til Marianne og ta vare på tilreisande gjester.
Planlegginga gjekk som ein draum med hotellet med på laget, alle våre ynskje og forespurnadar blei ivaretatt.
Vi følte at hotellet sine ansatte gjorde det dei kunne for at vi skulle få den helga vi hadde ynskje om og at det skulle bli minst mulig arbeid på oss når fredagen kom.
Bryllupsdagen blei perfekt og på toppen av det heile fekk vi eit nydelig sommervær, våre tilreisande gjester som ikkje har besøkt Nordfjord før sa dette var ei nasjonalromantisk helg dei ikkje kjem til å gløyme.

Vi takker Gloppen Hotell for alt arbeid dei har gjort for at vi fekk den perfekte bryllupshelg.

- Marianne & Fredrick