Akademia og Reiseliv

Så er vi komne til september. Fiskarane har nett reist heim, turistsesongen er på hell og næringslivet vaknar til og kjem på kick-off.  Rutinane på hotellet skal inn i ein ny kvardag- vinteresesongen er på veg. Sommaren er for vår del heilt avgjerande for drifta resten av året. Vi har heldigvis hatt ein flott sommar med rekordmange besøkande. Ingenting er bedre enn det!

I tillegg har eg som vanleg engasjert meg i mykje anna enn hotelldrift i løpet av desse hektisk sommarmånadane: Akademia.
Utdanning, kompetanse, studentar og arbeid.

Alt heng saman og vi i reiselivet ha vore ganske dårlege på akkurat dette med denne delen eg har tenkt på i sommar. Det er ikkje sikkert alle er einige med meg, men eg meiner vi har mykje å gå på når det gjeld kompetanseheving av reiselivet generelt. Vi snakkar faktisk om ein av verdas størst veksande næringar! Og gjett om vi på Vestlandet har sett denne veksten i sommar. For ein sommar vi har hatt!

På kjøkkenet på Gloppen Hotell har vi alltid hatt 4 kokke lærlinger. I sommar har vi bare hatt 2, men det kjem og går litt. Det som er nytt for hotellet i år, er at vi har ein resepsjonslærling, ein reiselivslærling og ein servitørlærling. På same tid har vi hatt utplasseringselevar frå København og Frankrike.

Tenk på det, elevar som tek høgare utdanning i andre land, kjem til vesle Sandane for å ha sin praksisperiode. Kor kult er ikkje det?

Vi har mange ambisøse, ressurssterke studentar som ynskjer ei framtid i reiselivet. Og då er det eit problem at fleire reiselivsbedrifter enten har stengt i vinterhalvåret eller ikkje har tid eller kapasitet til å ta imot dei.

Det verste eg har vore borti var ein som hadde tatt sin 3-årige Bachelor i reiseliv, og opplever at han kun får tilbud om servitørjobb og beskjed om å heller jobbe seg oppover i systemet. Dette er ikkje måten å ta vare på våre nyutdanna studentar. Dette inspirerar ikkje andre til å søke den kompetansehevinga reiselivet så sårt treng.

Bachelor i aktivt reiseliv
HISFEg ynskjer derfor å engasjere meg i å få utdanning og reiseliv til å passe bedre saman. Eg har eit stort ønske om at ein Bachlor i reiseliv skal gje muligheter, at reiselivsstudentane skal få oppleve at dette er eit kjekt og mangfoldig fag. For faget reiseliv er ikke bare viktig for hotella og andre overnattingsverksemder, det er viktig for heile samfunnet. Alt heng saman. Heilt lokalt, tenk for eksempel på det store arbeidet med destinasjonsbygging, ulike merkevarer og bulystprosjekt. I tilleg har vi transporttilbydarar og det aktive reiselivet med guidar og kulturformidlarar. Det er så viktig med kvalitet i alle ledd, slik at vi i lag kan kome i mål og bli levande lokalsamfunn det er godt å bu i.

indexEg fekk i vår spørsmål om å hjelpe til med å starte ei ny linje innan Bachelor i reiseliv på Høgskulen i Sogn og Fjordane, som skal fokusere meir på aktivt reiseliv. Medan eg var fullt opptatt med hotellet, begynte ballen å rulle der inni Sogn. Ein augustdag var tida komen for å reise inn og starte jobben. Eg suste avgarde gjennom dalar og langs fjordar til Sogndal. Og eg vart slått av den fantastiske naturen, av det flotte læringsanlegget dei har på Høgskulen. Og alle dei forventningsfulle nye studentane som satt pent og venta med fagbøker mellom hendene. Dei såg så glade og livsklare ut. Wow! Eg vart så inspirert og eg tenker at det er så viktg at vi som bedrifter er klare til å ta imot all denne kompetansen som kjem. At vi er forberedt på å bygge nye marked gjennom nye produkt og at vi for guds skuld tar i bruk vår unike natur til dei rette turistane. Eg er sikker på at vi skal få dette til!

Med ei ny reiselivslinje er det ikkje slik at vi skal finne opp kruttet på nytt. Men utdanninga skal justerast, og der skal inn eit mykje sterkare fokus på aktivitetar enn i dag. Vi har nettopp starta og eg er så glad for at eg sa ja til å bli med på dette. For ein motivasjon og for ei ære for meg personleg, å få lov til å være med å utvikle reiselivsutdanninga i fylket. Eg har allerede lært så mykje og fått eit herleg nettverk.

Reiselivslinje på vgs
Men der er fleire reiselivsutdanningar i nærleiken. Nordfjord har også ei reiselivslinje på vidaregåande nivå i Stryn. Gjennom det tverrfaglige oppplæringskontoret i Nordfjord, har Gloppen Hotell og Hotel Alexandra i haust vore dei første i fylket til å ta imot heilt nye reiselivslærlingar frå denne linja. Av 5 elevar er det 3 lærlingar som blir i fylket, og alle desse blir i Nordfjord.

Visit nordfjord 1

Visit Nordfjord sine nye nettsider – her frå Via Ferrata

Lokalt Samarbeid i Nordfjord
Visit Nordfjord er også med i prosessane, der Richard Grov og eg sitt i styret. Det er så viktig å tenke samarbeid og utvikling i lag. Tenk dokke kva Hoven Loen prosjektet vil bety for Gloppen på sikt og for Nordfjord som region. Det er jo heilt fantastisk. Her i Nordfjord har vi stort potensiale for å bruke kvarandre i markedsføringa og samarbeide. Her er korte avstandar og utruleg mykje å oppleve. Det beste landet kan by på, det har vi akkurat her. Eit eksempel: Frå Sandane er det 45 minutter til Briksdalsbreen, og vi tenker ikkje på å å markedsføre den. Mens dei i Hemsedal bruker Briksdalsbreen som ein ”lokal” attraksjon.

Eg gler meg til å bli inspirert av mine kolleger i reiselivet og ikkje minst våre bachelorstudentar og reiselivslærlingar framover. Dette er spennande tider og vi på Gloppen Hotell skal gjere vårt. No håpar eg vi klarar å lage ein skikkelig arena, eit kraft- og vekstsenter for reiselivet!

Vist norgfjod 2

Visit Norfjord sine nye nettsider

Visit Nordfjord skal få ny profil 8. september med stor lansering i Operahuset på Nordfjordeid. Dette er eit viktig steg i rett retning. No må vi ein gang for alle gløyme grenser og tapte slag. Sjå kor fantastisk vi no jobbar i reiselivet i Nordfjord, 8. september startar vi ei ny tid i Nordfjord.

Eg gledar meg!
Preben Moen.
Hotellvert, Gl0ppen Hotell

 

One thought on “Akademia og Reiseliv

  1. Kristian Bredby

    Til Preben

    Det er et flott innspill du har kommet med. For ungdom som ønsker å jobbe innenfor reiselivet må det både være utdanningsmuligheter og utviklingsmuligheter. En reiselivsutdanning som legger opp til fleksibilitet og tar høyde for at vårt reiseliv er sterkt årstidsbasert er veien å gå. Vi trenger folk som både kan guide lokalt, organisere reiseaktiviteter og f.eks jobbe med andre reiselivsrelaterte oppgaver innimellom. Tenk hva som ligger av muligheter for gründere i dette landskapet. Forfriskende med litt nye tanker!!

    Reply

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *