Startside   Lokal mat   Om Gloppen hotell   Jakt & fiske   Rom   Kurs & konferanse   Kart & reise   Kontakt 
Online Booking
 
Om Gloppen hotell
Norsk Kulturarv
De historiske
Gloppen hotell, N-6823 Sandane
Tel: 57 86 53 33, Fax: 57 86 60 02
post@gloppenhotell.no     Admin

Gasta

Vertskap

Familien Sivertsen trakk seg ut av drifta på 1980 – talet, og no vart hotellet omgjort til eit aksjeselskap. Dei neste åtte åra skifta hotellet stadig eigarar og opplevde den eine konkursen etter den andre. I 1988 kjøpte imidlertid K. Strømmen Lakseoppdrett hotellet, og endra namnet til Gloppen Hotell.

Dag Moen vart tilsett som dagleg leiar, og fleire millionar kroner vart investert i å gjenskape den sobre atmosfæra frå den tida dei engelske lakselordane valfarta til det tradisjonsrike hotellet.
 
Seks år seinare, 01. desember 1994, løyste Dag Moen ut arbeidsgjevarane sine, og saman med kona si Irene overtok dei no hotellet. Dei nye eigarane var fascinert av hotellet si lange og spanande historie, og sidan dei overtok, har dei stadig bygd seg tilbake i tida.
 
Dei har teke vare på det som fins av gamle møblar og gjenstandar, og har pussa opp meir og meir av den vakre, kvitmåla bygningen. I dag framstår hotellet i ein minst like sjarmerande stand som det gjorde i sine glansdagar.
 
I 1996 overtok hotellet fiskerettane i Gloppenelva, og sjølv om tidene har endra seg, og hotellet sine gjestar i vintersesongen for det meste består av kurs- og konferansedeltakarar, er det fortsatt laksefiskarane som set sitt preg på sommarmånadane frå juni til september.
 
Dei vil framleis ha den gode, gamaldagse forpleininga, og det får dei på det tradisjonsrike laksehotellet innerst i Nordfjord!  

 

Kontakt oss

Gloppen hotell

N-6823 Sandane

Tel: 57 86 53 33

Fax: 57 86 60 02

epost: post@gloppenhotell.no

 
Dag og Irene Moen
Dag og Irene Moen
Dag og Irene Moen