Tilbygg frå 1970-talet
70-taler var slengbukser, platåsko, lang pannelugg, Watergate og Vietnam-krig. Ja, og så var brunt og oransje veldig “in”. Og det var på denne tida dåværande eigar, Sivertsen-familien, valte å byggje ut hotellet på ny. Dei bygde på ein rom- og konferansedel bak den historiske bygninga, og med bygningskroppen kobla direkte på den historiske delen. Og dei valte å byggje iht. dåtidas arkitektur og formspråk.
På 50-60 talet gjorde funksjonalismen seg gjeldande i arkitekturen. Nå vart det lagt større vekt på rasjonell bygging enn på estetisk utforming. Arkitekturen fekk eit meir robust uttrykk, og det går igjen i vårt tilbygg som kom på 70-talet. På same tid byggjer også andre historisk hotell ut nye tilbygg, og vi ser bl.a. det same trekket hos f.eks Kviknes hotell i Balestrand.
Så kan ein seie mykje om dette. Pent eller stygt? Uansett er det eit bygg prega av si tid, og vi har valt å vedlikehalde arkitekturen og formspråket på sine eigne premissar. Her skal det vere 70-tall!
Vi arbeider jevnleg med oppussingsprosjekt her, og vi legg vekt på å reindyrke 70-talet og innredningsstilen vi hadde i det tiåret.
Tilbake til 20-talet
Vidare til 2011 