Kurs/konferansefløyen frå 2011
I juni 2011 sto den nye konferansedelen med resepsjon, kontor og 24 gjesterom klar til bruk. Det gjenstår fortsatt litt småplukk på fasaden ute, men det er ikkje lenge til alt er heilt klart, og det gler vi oss til!
Bygget er knytt til det historiske bygget med ein mellombygning, også på tre etasjer i tillegg til kjellar.
Ved denne utvidinga av hotellet har vi vore veldig opptekne av at den eldre bygningsmassen får stå tydeleg fram med sine opprinnelege proporsjonar og opprinnelege omriss.
Vi byggjer dette i 2011 med eit moderne og forenkla formspråk som viser at dette er ei ny bygning, men den underordnar seg det arkitektoniske formspråket til den eldre.
Dette får vi til gjennom eit lågmelt og forenkla dekorprogram og ein dempa fargebruk – typisk for vår tid. Det er vel og tidstypisk at vi valte ein mellombygning i glas. Denne framstår som delvis transparent og forskjellig frå dei andre meir massive bygningskroppane.
Innredninga i denne nye delen skal vere både tradisjonsrik og moderne. Den historiske delen av hotellet er innreia på ein måte som speglar hotellet sin tidlegare og nåverande kundekrets: laksefiskarar og jegerar. Hotellet har ein nøktern og uformell stil med lune stover med eldstader, jakttroféar og fotografi av hotelleigarane og gjestene sitt liv og aktivitetar.
Velkommen til Gloppen hotell. Og velkommen til ei vandring i 3 tidsepokar.
Tilbake til 20-talet
Tilbake til 70-talet