Norsk  |  English  |  Deutsch
  Startside   Om Gloppen hotell   Lokal mat/Menyar   Rom   Kurs & konferanse   Kalender   Aktivitetar   Bilder   Jakt & fiske   Kart & reise   Kontakt 

Den historiske delen i sveitserstil

Etter utbygginga i 1925 framstod Sivertsen hotell – som det vart kalla den gang – på omtrent same måte som i dag. Bygget er i sveitserstil, som var ein mykje brukt stilart i nordeuropeisk trearkitektur frå ca. 1840 til 1930. Mange av trehotella som vart bygd i Sogn og Fjordane på denne tida var nettopp i sveitserstil. Karakteristisk for sveitserstilen er store takutstikk, framheving av gavlar og rikt utskårne ornament og listverk.

Sveitserstilen var og prega av høge grunnmurar, og akkurat det er eit av trekka som særpregar denne eldre delen av bygninga.

I den historiske bygninga, er hotellet innvendig restaurert og pussa opp etter stilen frå slutten av 1800-tallet. Eigarane Dag og Irene Moen har vektlagt det historiske opphav til hotellet både i arkitektur og interiør. Dei har vore svært opptekne av den spennande historia til hotellet og heile tida bygd seg tilbake i tida. Då dei i 2000 pussa opp ti nye gjesteværelser vart desse individuelt innreia med tidsriktige tapetar med mønster frå perioden 1820 til 1890, gamle antikke møblar, blondegardiner og “nostalgiske” bad med moderne komfort.

 

Vidare til 70-talet 

   

Fotogalleri