Lokal mat frå bygda
Med ordet matnytelse meiner vi ikkje berre den gode kokekunsten utan å nemne kombinasjonen mat, drikke, service og miljø. Vi er veldig stolte når vi ynskjer deg velkomen til vår "historiske" restaurant, og vi har høge ambisjonar og kan love deg ei matoppleving både til kvardag og fest.
Etter å ha vore gjest hos oss på Gloppen hotell skal du skjønne at det er noko heilt spesielt med lokal mat frå Nordfjord.
Kjøkkensjef Bodil Fjellestad og Gloppen Hotell har fått fleire prisar for lokalmaten.
** 4. februar 2012 vann Gloppen Hotell prisen for Årets mest innovative Reiselivsbedrift Sogn og Fjordane. Vi går no viare til landsfinalen og gledar oss veldig!
** 11. desember 2011 gjekk Bodil og laget Vestpå heilt til topps i finalen på Det Norske Måltid på TV2.
** I 2010 vant Gloppen Hotell 1. plassen i Ganefart og blei kåra til "Landets beste spisested langs veien" i Ganefart-konkurransen.
** Vi er plukka ut i Innovasjon Norges Norwegian Foodprints som ein av fire plassar i Sogn og Fjordane.
** I 2008 vann Gloppen Hotell Ganefart Sogn og Fjordane.
** Gloppen Hotell er omtalt i boka "En reise i Norge". Boka omhandlar 44 spise- og overnattingsstader der alle har sitt særskilde preg både når det gjeld bygning, staden og maten. Vi er også omtalt i boka "Tradisjon og atmosfære - en reise til norske trehoteller". Å være omtalt i begge desse praktbøkene er noko vi er stolte av.
-Les også Matmagasinet Nord sin omtale av lokal mat og Gloppen hotell.
-Bli med på ei reise i lokale smakar
Sjå våre menyar til venstre
Restaurant Stovene er åpen kvar dag frå kl 13:00 til 22:00
Stikk innom for ein enkel lunsj, Gloppens beste kaffi, dagens husmannskost, ei øl frå Kinn eller full gourmetmiddag av lokale smakar.