Startside   Lokal mat   Om Gloppen hotell   Jakt & fiske   Rom   Kurs & konferanse   Kart & reise   Kontakt 
Online Booking
 
Lokal mat
Norsk Kulturarv
De historiske
Gloppen hotell, N-6823 Sandane
Tel: 57 86 53 33, Fax: 57 86 60 02
post@gloppenhotell.no     Admin

Gasta

Ei reise i lokale smakar

Det meste av råvarene til maten du får på Gloppen hotell kjøper vi frå gardane i området rundt. I bygninga ved sidan av hotellet, har vi etablert eit nytt produksjonskjøkken som gjer det muleg å motta og vidareforedle heile dyr.

Vi plukkar ut dyra hos bonden, før turen går til slaktaren. Så vert dei frakta direkte til produksjonskjøkkenet for vidareforedling. Dette gjeld både lam, kje, edelgris, hjort og okse. Bonden får nokre kroner ekstra for bryderiet, og ettersom vi sparar eit ledd er dette rimelegare for oss også. I tillegg får vi ei adresse på råvarene våre, vi kan peike ut av vindauga og fortelje våre gjester at ”der har dyra beita”.

Dette produksjonskjøkkenet har fått navnet Fjordameny, og nokre standardprodukt som bacon av edelgris, varmrøykt laks, Gloppenknakk, hjortemorr m.fl. kan du få kjøpt i resepsjonen og i Coop-butikkar på Vestlandet.

Les meir om Fjordameny

Våre leverandørar

Olav Fuglestrand

Høgt & Vilt

Kandal kjøt