Norsk  |  English  |  Deutsch
  Startside   Lokal mat/Menyar   Om Gloppen hotell   Rom   Kurs & konferanse   Aktivitetar   Bilder   Jakt & fiske   Kart & reise   Kontakt 
 
Norsk Kulturarv
De historiske
Gloppen hotell, N-6823 Sandane
Tel: 57 86 53 33, Fax: 57 86 60 02
post@gloppenhotell.no     Admin

Gasta


Kokkekamp med Bodil Fjellestad

For kun kr 450,- pp arrangerar Bodil kokkekamp på mattorget i vår nye restaurant med alt de treng av profesjonellt utstyr til å komponere meistermåltidet.

På plass er ei rekke spennande lokale råvarer som de skal trylle fram noko etande godt av.
Rettane blir vurdert av vårt dyktige dommarpanel som kårar ein vinnar.

Etterpå skal de sjølvsagt nyte maten de har laga med noko godt i glaset.

Ein morsom og samlande aktivitet!

Bodil held også diverse kokkekurs, kontakt oss for meir informasjon.  

 

Off-piste turar med profesjonell turleiar

Hallgeir Hansen ved Folkehøgskulen si friluftslinje kan ta dykk med på ein uforgløymeleg tur i vill snø. På toppen lagar vi bål og koker kaffi og nyter nista vår. Turen kan leggast opp individuelt etter ønske og nivå.  

 

 

Lagbyggjing (teambuilding) i Gapahuk

På Vereide, 5 minutt frå hotellet, finn vi ein flott gapahuk, ca 15 minutt inni skogen. Rundt denne er det 8 postar med forskjellige oppgåver som gruppa må løyse i lag. Denne løypa heiter samarbeidsløypa og har vore veldig populær. Etter insatsen kan ein lage mat på bål og nyte stunda. Tid ca 2-3 timar. Opplegget kan kortast ned om ynskjeleg.

 

Sportsfiske

Gloppen er eit funn for sportsfiske. Aure i meir enn 130 fjellvatn, laks i sprudlande elvar og fiskerik fjord lokkar på sportsfiskarar i alle variantar. I Nordfjorden og i elvar og småvatn omkring kan ein drive sportsfiske mot ei svært rimeleg avgift. Fiskekort får ein kjøpt på turistinformasjonen, på hotellet og på butikkar og bensinstasjonar i bygda. 


Ridning

På Norsk Fjordhestgard i Breim (ca. 25 km. frå hotellet) vert det arrangert kortare eller lengre rideturar og ridesafariar med eller utan overnatting ute. Rideinstruksjon får ein også her. Påmelding til turar eller bestilling av ridetimar skjer direkte til Norsk Fjordhestgard. Sjå gjerne innom


 

Andre aktivitetar:

 

Motivasjon: Workshops og foredrag med Arne Kråkenes: " korleis bygge kvarandre gode".

Ølsmaking frå Kinn Bryggerier

 

Eit besøk på Antikk og Rarietetar kan varmt anbefalast, ei flott salgsutstilling av antikvitetar i ein stor gammal låve. Dette besøket kan kombinerast med foredrag, servering og musikk-innslag. 

 

Fjellturar

Rundt om i den flotte naturen rundt Gloppefjorden finn du vakker og vill vestlandsnatur med fjord og fjell på kloss hold. Ei naturperle av dei sjeldne. Store fjellvidder med variert natur er eit eldorado for turgåarar både sommar og vinter. Terrenget er for det meste lett og Gloppen eignar seg såleis svært godt for turar og naturopplevingar for turgåarar i alle aldersgrupper. Turkart om Gloppen er tilgjengeleg på hotellet, og har innteikna både merka og umerka turar. Vi tilbyr fjellturar med erfarne vegvisarar som også gjerne lagar bål og eit lite måltid undervegs. 

 

 

Kort-tur: Tystadstølen (seter)

Turen går frå Ytre Fjellbygda i fint terreng mot Tystadsstølen. Turen går ca 300 høgdemeter mot Høgvarden (800 moh) og er ein fin tur med flott utsikt heile vegen og slakt terreng. På vegen kan vi stoppe å bade eller fiske i Lomvatnet. På returen kan vi ta ein annan veg og stoppe i ei gammal gamme å lage mat. 

Beregna tid ca 3 timar, tur retur.

 

 

Ryssdalshorn 1201 moh

Ryssdalshornet er eit kjennemerke i Gloppen der det ligg i bakgrunnen og vaker og Sandane. Turen startar i Ryssdalen og går oppover på både gruveg og sti. Utsikta vert finare og finare til lenger opp du kjem. På Ryssdalsstøylen vert det ein liten pust i bakken med medbrakt nistepakke frå hotellet, samt litt historie om korleis det var å drive med støylsdrift frå gammalt av. Turen går vidare til sjølve Ryssdalshorn. Terrenget er noko bratt, men det r ein kjempeflott tur, enten du når toppen eller ikkje.

 

Pris per person kr 280,- Minimum kr 1960,-  (Tillegg for nistepakke)

Varighet ca 4-6 timar

Utstyr: Varme kle, gode sko, regnkle dersom utrygt for nedbør, drikkeflaske, niste og dagstursekk.

 
Fantastiske forslag: 

  • Svinestranda 1074 moh
  • Eggjenibba 1338 moh
  • Vora 1436 moh
  • Snønipa 1827 moh (brevandring)
  • Gjegnen 1670 moh (brevandring)
  • Bretur til Haugabreen

 

Båttur til Skjerdalen

I eigen seglbåt kan Nordfjord Adventure gje deg ein uforgløymeleg dag på Gloppefjorden. Vi går i land i idylliske Skjerdalen og kombinerar seglinga med ei flott vandring innover dalen.
Sett av dagen!

 

9-hols golfbane

Sandane Golfklubb opna i 2001 ei flott 6-hols golfbane som er omkransa av Gloppeelva, ei av dei beste lakseelvane i landet. Bana er ei seksholsbane med stadig betre kvalitet. I tilknyting til bana er det eit treningsområde som består av eit utslagsfelt og eit treningsfelt for nærspel. Saman med kulturhistoriske opplevingar og storslegen natur kan vi love deg ei spesiell golfoppleving. Sjå gjerne innom

 

Sentrumsvandringar

Ei vandring i Sandane sentrum med historiefortelling, og smaksprøver.

Turane kan vare i frå ein til to og ein halv timar. Vi tek utgangspunkt i å starte i resepsjonen på Gloppen Hotell. Lengde og tema varierer etter ynskje. Nokre tema er korleis sentrum var før, (den oblikatoriske) skjenkestova, Firda Videregåande Skule (eller Firda Landsgymnas), Tankeringen, Russerleiren i Øvregata, dampskipkaja og/eller gardsdrift i sentrum. Kvar var eigentlig Sandane?

Ein koselig spasertur. Vi smaker på eplejuice (ev.epletoddy på vinteren) og får smaksprøver av lokalmat frå Fjordameny.

Turen kostar NOK 120 pr. person, minimum NOK 600,-

Varighet ca 1 - 2,5 timar. Dette vil variere noko etter kvar ein går. Vert tilpassa den enkelte gruppe.

Ansvarleg: Marianne Ryssdal, Gloppen Sogelag og Nordfjord Folkemuseum. 

 

Brevandring

Jølster er ypparleg utgangspunkt for brevandring på Haugabreen. I sommarmånadene vert det arrangert turar med ulik lengde og vanskegrad kvar veke med godt kvalifiserte og erfarne breførarar. Meir detaljert informasjon og prisar finn ein på Nordfjord Adventure sine heimesider.

 

Kajakk på Gloppefjorden

Gloppefjorden er ein flott plass å padle kajakk. Den opne fjorden med dei snødekte fjella rundt lagar ei flott ramme for turen. Kvar fredag kl 11 i sommarhalvåret. Turane varar 3-4 timar. Meir informasjon på Nordfjord Adventure sine heimesider.

Her er kapasitet opp til 16 personar samstundes.

 

Rafting

Jølster Rafting: Midt i Sogn og Fjordane finn du nokre av dei flottaste raftingelvane i Nord Europa. Her byr dei på det aller meste av moro, spenning og underhaldning til både nybegynnar, erfaren og adrenalinfrelst. Her vert det arrangert turar med ulik lengde og vanskegrad fleire dagar i veka i sommarsesongen. 

 

Vi anbefalar ein tur til dei mange severdigheitane i kommunen: 

Nordfjord Folkemuseum
Antikk & Rarieteter
Handverkarlaget ARV
Eidsfossen med ei av Europas lengste laksetrapper
Eide Natur- og Kultursti 
Karnilstunet
Gamle Gimmestad kykje og Vereide kyrkje
Russehola 
Utsikten
Velstelte stølar

 

   

 

Rom

  • 62 rom. 17 av desse er historiske dobbeltrom. 24 er moderne dobbeltrom.
  • I tillegg har vi 9 standard dobbeltrom og 12 enkeltrom.

Les meir om rom

 

Kontakt oss

Telefon: 57 86 53 33 eller

epost: post@gloppenhotell.no