Startside   Lokal mat   Om Gloppen hotell   Jakt & fiske   Rom   Kurs & konferanse   Kart & reise   Kontakt 
Online Booking
 
Jakt & fiske
Norsk Kulturarv
De historiske
Gloppen hotell, N-6823 Sandane
Tel: 57 86 53 33, Fax: 57 86 60 02
post@gloppenhotell.no     Admin

Gasta

 

Det byrja med lakselordane..

Det var Gloppenelva og fisket etter laks og sjøørett som i si tid skapte grunnlaget for hotelldrift på Sandane. I alle år har tilreisande får heile verda søkt hit for å prøve fiskelykka.

Allereie i 1904 vart Gloppen oppført i den engelske guideboka ”Salmon Fishing in Norway” som ein av dei aller beste fiskestadane i Noreg. Men det hadde dei engelske lakselordane for lengst oppdaga, og i ei årrekke valfarta dei til den fiskerike elva.

I dag er det mest nordmenn som fiskar her, men stemninga er nok mykje lik; her lyg ein, skryt, overdriver og argumenterar. Stemninga er høg i Peisestova på Gloppen Hotell. Første økt i elva er over og nå diskuterer ein dagens fangst - og ikkje minst fangsten som glapp. Sportsfiskarane er samla til 4-retters middag, slik ivrige fiskarar har gjort det i godt over hundre år før dei igjen.


 

 

 

Laksefiske

Er du interessert i å fiske i Gloppenelva?

Ta kontakt med Dag Moen,
på 57 86 53 33 eller epost -
og han gir deg informasjonen du treng!