Startside   Lokal mat   Om Gloppen hotell   Jakt & fiske   Rom   Kurs & konferanse   Kart & reise   Kontakt 
Online Booking
 
Om Gloppen hotell
Norsk Kulturarv
De historiske
Gloppen hotell, N-6823 Sandane
Tel: 57 86 53 33, Fax: 57 86 60 02
post@gloppenhotell.no     Admin

Gasta

Historie

Det var Gloppenelva og fisket etter laks og sjøørett som i si tid skapte grunnlaget for hotelldrift i bygdesenteret Sandane innerst i Gloppenfjorden.

I alle år har tilreisande får heile verda søkt til den idylliske bygda for å prøve fiskelykka.

Allereie i 1904 vart Gloppen oppført i den engelske guideboka ”Salmon Fishing in Norway” som ein av dei aller beste fiskestadane i Noreg. Men det hadde dei engelske lakselordane for lengst oppdaga, og i ei årrekke hadde dei valfarta til den fiskerike elva. For medan laksefiske i Storbritannia var ein luksus kun forbeholdt dei få eigarane av enorme gods og grevskap, kunne ein i Noreg lenge berre betale nokre få kroner til ein gjestfri bonde og fiske fritt langs ei god elv.

På Sandane hadde grunneigarane allereie så tidleg som i 1872 innsett at Gloppenelva kunne gi dei gode inntekter og hadde difor starta å leige ut fiskerettane sine. Snart strøymde sportsfiskarane til, og sjølvsagt måtte dei ha ein stad å bu medan dei var på Sandane.

Hotelldrift har det vore i bygda heilt sidan 1846, faktisk på den samme tomta som Gloppen Hotell står på i dag. Dei første 20 åra hadde det riktignok berre vore ein enkel skysstasjon, men i 1866 fekk Joakim E. Sivertsen bevilling til å drive landhandel og gjestgiveri.

>>Les meir